Horgen stavkyrkje
Horgen stavkyrkje var ei stavkyrkje ved Horgen-gardane (gnr. 279 og 280) i Gran kommune i Innlandet fylke. Kyrkja var anneks til Nikolaikyrkja, hovudkyrkja i Gran. I 1570-åra vart jordegodset til kyrkja lagt under Nikolaikyrkja og inventaret overført til Hamar domkyrkje.[1] I Jens Nilssøn si visitasskildring frå 1590-åra er kyrkja omtala som øyde, altså ute av bruk.[2] I sorenskrivaren si utgreiing frå 1743 vert det sagt at kyrkja var «bygt af reiseplancher med spidse taarne paa», altså ei stavkyrkje. Men kyrkja var «nedfalden».[3] Ifølgje Riksantikvaren er det funne eit gravfelt i forlenginga av gardstunet mot sør.
Fotnotar
endre- ↑ Sigurd Kolsrud, red. (1929). Oslo og Hamar bispedømes jordebok 1574–1577 (Povel Huitfeldts stiftsbok). Oslo. s. 190–191.
- ↑ Yngvar Nielsen (1885), red. (1981). Biskop Jens Nilssøns visitatsbøger og reiseoptegnelser 1574–1597. Carl Zakariasson. s. 285.
- ↑ Brendalsmo, s. 89.
Kjelder
endre- Hadeland. Bygdenes historie 1. 1932. s. 270.
- Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Oppland (Riksantikvaren, 2015), s. 89
- Horgen stavkyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Denne artikkelen bygger på «Horgen stavkirke» frå Wikipedia på bokmål, den 28. mai 2019.