Hormozgan (farsi استان هرمزگان, Ostān-e Hormozgān) er ein av 31 provinsar i Iran. Han ligg sør i landet i Region 2,[4] ovanfor Oman og Dei sameinte arabiske emirata. Provinsen har ei flatevidd på 70 697 km²,[5] og provinshovudstaden er Bandar Abbas. Provinsen omfattar òg 14 øyar i Persiabukta og 1000 km kystlinje.

Hormozgan
هرمزگان
Provins
Land  Iran
Region Region 2
Fylke 13
Hovudstad Bandar Abbas
Areal 70 697 km²
Folketal 1 776 415 (2016)[1]
Språk persisk, balochi
Tidssone IRST (UTC+03:30)
 - Sommartid IRST (UTC+04:30)
Kart
Hormozgan
27°11′18″N 56°16′36″E / 27.1884°N 56.2768°E / 27.1884; 56.2768
Wikimedia Commons: Hormozgan Province

Det er 13 større byar i provinsen: Bandar Abbas, Bandar Lengeh, Hajiabbad, Minab, Qeshm, Sardasht, Sirik, Jask, Bastak, Bandar Khamir, Parsian, Rudan og Abumusa. Provinsen er vidare delt inn i 13 fylke, 69 distrikt eller kommunar og 2 046 landsbyar. I 2011 hadde Hormozgan kring 1,5 millionar innbyggjarar.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Hormozgan