Horst-Dieter Höttges

tysk fotballspelar

Horst-Dieter Höttges (10. september 194322. juni 2023) var ein tysk fotballspelar frå Mönchengladbach som spelte VM-finalen 1966 og EM-finalen 1972, to kampar som enda med høvesvis vesttysk tap i 1966 og siger i 1972. Han var elles med i troppane til VM 1970 og 1974.

Horst-Dieter Höttges
Horst Dieter Höttges på eit klistremerke i 1971.
Personleg informasjon
Fullt namn Horst-Dieter Höttges
Fødselsdato 10. september 1943 (80 år)
Fødestad Mönchengladbach i Tyskland
Høgd 176 cm
Posisjon Venstreback
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1963-1965 Borussia M'gladbach 30 (0)
1964-1978 Werder Bremen 420 (55)
Landslag
1966-1974 Vest-Tyskland 66 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Karriere endre

Klubbspel endre

Höttges spelte 1963/64-sesongen på Borussia Mönchengladbach i ein regional serie. Frå 1964 til 1978 var han høgreback i Werder Bremen. I Höttges fyrste sesong på Werder lukkast klubben vinne sitt aller fyrste ligagull. Tre år seinare vart Werder nummer to i Bundesliga. Til saman spelte Höttges 420 bundesligakampar og skåra 55 mål.

Landslagsspel endre

Höttges debuterte på det vesttyske landslaget i mars 1965. Han spelte sin 18. landskamp då Vest-Tyskland tapte VM-finalen 1966 2-4 mot arrangørlandet England. Den 21. mai 1969 i Essen la han på til 10-0 i ein VM-kvalifiseringskamp mot Kypros, hans einaste landslagsmål. Under VM 1970 i Mexico deltok han i dei fire fyrste kampane til Vest-Tyskland, men ikkje den høgdramatiske semifinalen mot Italia. To år seinare var han på plass då Vest-Tyskland vann fotball-EM 1972 med overbevisande 3-0 mot Sovjetunionen i finalen. Då VM i fotball 1974 fann stad i heimlandet fekk han eit innhopp i kampen mellom Vest-Tyskland og Aust-Tyskland, eit oppgjer som enda med austtysk siger 1-0. Det var 66. og siste gongen Höttges var aktiv i den vesttyske landslagsdrakta.

Merittar endre

  • Verdsmeister: 1974 med Vest-Tyskland
  • Europameister: 1972 med Vest-Tyskland
  • VM-sølv: 1966 med Vest-Tyskland
  • VM-bronse: 1970 med Vest-Tyskland
  • Vesttysk seriemeister: 1965 med Werder Bremen

Kjelder endre