Horta
(Omdirigert frå Hortavær)
Horta eller Hortavær er eit fiskevær i Leka kommune i Trøndelag. Været ligg om lag 10 km nordvest for Leka og består av om lag 360 øyar, holmar og skjer. Mellom Horta og Leka ligg Hortafjorden.
Horta vart avfolka i 1967. I dag gjenstår det nokre bygg på hovudøyane Burøya (Ytterøya) og Vågøya (Innerøya). Staden var i sine glansdagar eitt av Ytre Namdal sitt største dunvær med over 2000 opparbeida reirplassar.
Horta er fredat etter naturvernlova som natur- og fuglereservat.
Bakgrunnsstoff
endre- Informasjonsside om Horta Arkivert 2007-10-08 ved Wayback Machine.Denne geografiartikkelen som har med Trøndelag å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.