Hoshkobreen
Hoshkobreen er ein dalbotntype isbre i Lanterman Range i Bowers Mountains i Antarktis, som flyt sørvest frå mellom Bowers Peak og Mount Edixon til den nedre delen av Canhambreen. Han vart kartlagt av US Geological Survey frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy i 1960–64, og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter løytnant John Hoshko jr., samfunnskontakt i U.S. Navy Reserve for staben til U.S. Navy Support Force i Antarktis i 1966–68.[1]
Hoshkobreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Victoria Land | ||
- koordinatar | 71°49′S 163°24′E / 71.817°S 163.400°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Hoshkobreen 71°49′00″S 163°24′00″E / 71.8167°S 163.4°E | |||
Kjelder
endre- ↑ «Hoshko Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 19. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hoshkobreen» (innhald frå Geographic Names Information System).