Hova
Hova er ein svensk tettstad i Gullspångs kommun i Västra Götalands län i landskapet Västergötland. I 2005 hadde tettstaden 1 375 innbyggjarar. Hova ligg cirka 30 kilometer nordaust for Mariestad og 20 kilometer nord for Töreboda. I praksis er staden centralort for kommunen, sidan dei fleste administrative funksjonane finst her. Men ein unngår å bruke omgrepet og omtalar Hova som ein av to viktige tettstader i kommunen. Det andre tettstaden er Gullspång.
Hova | |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Fylke | Västra Götalands län | ||
Kommune | Gullspångs kommun | ||
Areal | 197 km² | ||
Folketal | 1 272 (31. desember 2020) | ||
Hova 58°50′58″N 14°12′33″E / 58.849317410924°N 14.209161459944°E | |||
Wikimedia Commons: Hova | |||
E20 går gjennom Hova, som òg har ein jernbanestasjon på Kinnekullebanan. Den kjende manageren for ABBA, Stikkan Anderson er frå Hova.
Historie endre
Slaget ved Hova er ei viktig historisk hending i Sverige. 14. juni 1275 sigra Magnus Ladulås og bror hans Erik, dåverande konge Valdemar Birgersson med hjelp av danske leigesoldater. Magnus Ladulås blei så konge i perioden frå 1275 til 1290. Hendinga vert markert med ei veke lang festival i Hova kvart år, den såkalla riddarveka.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Hova» frå Wikipedia på bokmål, den 2. juli 2012.