ABBA
ABBA var ei svensk pop-gruppe med ein av dei største kommersielle suksessane på 1970-talet og tidleg på 1980-talet. Medlemmene var Anni-Frid Lyngstad, Agnetha Fältskog, Benny Andersson og Björn Ulvaeus. Gruppa fekk det internasjonale gjennombrotet sitt då ho vann Eurovision Song Contest 1974 med songen «Waterloo».
ABBA | |||
| |||
Opphav | Stockholm i Sverige | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1972–1982 | ||
Sjanger | Pop, europop/disco, synth-pop og softrock | ||
Instrument | vokal, piano, gitar, tangentfjøl, trekkspel | ||
Tilknytte artistar | Hep Stars, Hootenanny Singers, Benny Anderssons Orkester | ||
Plateselskap | Polar (Sverige) Polydor (Tyskland) Philips Atlantic (USA) Universal (USA) Epic Vogue (Frankrike) Discomate RCA PolyGram Carnaby Sunshine Ariston/Dig It | ||
Siste medlemmer | Agnetha Fältskog Björn Ulvaeus Benny Andersson Anni-Frid Lyngstad | ||
Prisar | Rockbjörnen for the century's Swedish group/artist, Exportpriset, Rock and Roll Hall of Fame |
Namnet «ABBA» er eit akronym av forbokstavane i førenamnet til kvart av medlemmene (Agnetha, Björn, Benny, Anni-Frid)[1]. I tillegg til dei fire spelte Rutger Gunnarsson bass på alle albuma deira.
ABBA vart ein stor internasjonal suksess med fengande melodilinjer, enkle tekstar og ein Wall of Sound («lydvegg») der dei kvinnelege songarane spelte inn mange harmoniar som dei så la oppå kvarandre. Etter kvart som dei vart meir populære turnerte dei i Europa, Australia og Nord-Amerika og fekk store tilhengjarskarar. Då dei var på sitt mest populære gjekk begge ekteskapa (Björn med Agnetha og Benny med Frida) til medlemmene i oppløysing. Dette viste seg att i musikken deira med meir tankefulle tekstar og ei noko musikalsk endring.
Bandet er framleis populære på radio over heile verda og er eit av dei bestseljande musikkgruppene i verda med totalt rundt 400 millionar selde plater[2][3][4] og dei kan år om anna framleis selje så mange som inntil tre million album.[5] ABBA var òg den første ikkje-britiske eller irske popgruppa i Europa som gjekk til topps på salslistene i engelsktalande land som USA, Canada, Australia og Storbritannia. Deira enorme suksess opna dørene for andre europeiske musikkgrupper.[6]
Musikken til ABBA blei mellom anna brukt som bakgrunn for den suksessrike musikkfilmen Mamma Mia, som kom ut i 2008.
Diskografi
endrePlater
endre- 1973: Ring ring
- 1974: Waterloo
- 1975: ABBA
- 1976: Arrival
- 1977: The Album
- 1979: Voulez-Vous
- 1980: Super Trouper
- 1981: The Visitors
- 2021: Voyage
Samleplater
endre- 1975: Greatest Hits
- 1979: Greatest Hits Vol. 2
- 1980: Gracias Por La Música
- 1982: The Singles – The First Ten Years
- 1986: ABBA Live
- 1992: ABBA Gold - Greatest Hits
- 1993: More ABBA Gold – More ABBA Hits
- 1993: Gold: Greatest Hits
- 1994: Thank You For The Music
- 1998: Collection
- 1999: ABBA ORO - Grandes Exitos
- 2001: The Definitive Collection
Singlar og EP-ar
endre- 1992: Dancing Queen (Import CD-singel)
- 1993: Dancing Queen (USA Vinyl-singel)
- 1998: Dancing Queen (USA CD5)
- 1999: Dancing Queen (UK CD-singel)
- 1999: Waterloo (Tyskland CD-singel)
- 1999: Happy New Year
Filmar
endre- 1977: ABBA - The Movie
- 1980: ABBA - In Concert
- 2004: ABBA - The Definitive Collection
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «ABBA» frå Wikipedia på engelsk, den 3. september 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «ABBA's biography, page 2». www.abbasite.com. Henta 3. september 2008.. Ein periode var Benny gift med Anni-Frid, og Björn var gift med Agnetha, men begge para vart skild.
- ↑ Former ABBA drummer found dead in garden Amol Rajan; msnbc; vitja 3. september 2008; hevdar 370 millionar
- ↑ ABBA, The Book Potiez, Jean-Marie; 15 August 2005; vitja 3. september 2006; hevdar 410 millionar selde album i 2000
- ↑ It's ABBA on the phone making a lot more money, money, money Sherwin, Adam; The Times; 19 April 2006; vitja 3. september 2008; hevdar 750 millionar plater
- ↑ «ABBA drummer found dead in pool of blood». The Local. 17. mars 2008. Henta 3. september 2008.
- ↑ [1] Arkivert 2008-05-11 ved Wayback Machine. Palm, Carl Magnus, s 527