How to Train Your Dragon 2

animert langfilm frå 2014

How to Train Your Dragon 2 (norsk: Dragetreneren 2) er ein amerikansk dataanimert action-fantasifilm frå 2014, produsert av DreamWorks Animation og distribuert av 20th Century Fox. Filmen er oppfølgjaren til 2010-filmen How to Train Your Dragon og den andre i trilogien. Han er laust basert på bokserien under same namn av den engelske forfattaren Cressida Cowell, er regissert og skriven av Dean DeBlois og har stemmeskodespelarar som Jay Baruchel, Gerard Butler, Craig Ferguson, America Ferrera, Jonah Hill, T.J. Miller, Kristen Wiig, og Christopher Mintz-Plasse.

How to Train Your Dragon 2
Norsk tittel: Dragetreneren 2
RegiDean DeBlois Sjå dette på Wikidata
Forfattar(ar)Chris Sanders Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Bonnie Arnold, Chris Sanders Sjå dette på Wikidata
ManusDean DeBlois, Chris Sanders, William Davies Sjå dette på Wikidata
Basert påHow to Train Your Dragon Sjå dette på Wikidata
Stemme­skodespelarJay Baruchel, T.J. Miller, Gerard Butler, America Ferrera, Kristen Wiig, Djimon Hounsou, Christopher Mintz-Plasse, Kit Harington, Craig Ferguson, Cate Blanchett, Jonah Hill Sjå dette på Wikidata
MusikkJohn Powell Sjå dette på Wikidata
SjeffotografRoger Deakins Sjå dette på Wikidata
ProduksjonsselskapDreamWorks Animation Sjå dette på Wikidata
Distributør20th Century Studios, UIP-Dunafilm, InterCom, Netflix Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato2014, 13. juni 2014 (USA),[1][2][3] 16. mai 2014, 24. juli 2014 (Tyskland),[4] 19. juni 2014 (Ungarn),[5][6] 20. juni 2014 (Tyrkia)[7]
Lengd105 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandUSA Sjå dette på Wikidata
Språkengelsk
Inntening621 537 519 US-dollar (verdsfemnande),[8] 177 002 924 US-dollar (USA)[9]
Sjangerfantasyfilm, barnefilm, actionfilm, eventyrfilm, filmkomedie, romanfilmatisering, middelalderfilm Sjå dette på Wikidata

Handlinga går føre seg fem år etter den første filmen, og sentrerer om Hiccup og venene hans som unge vaksne, medan dei møter Valka, den lenge sakna mora til Hiccup, og Drago Bludvist, ein galning som vil ta over verda.[10] Filmen vart utgjeven 13. juni 2014 og var ein kritisk og kommersiell suksess. Han tente inn over 620 millionar dollar globalt. Den tredje og siste filmen i trilogien, How to Train Your Dragon 3, hadde norsk premiere 11. januar 2019.

Referansar

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: How to Train Your Dragon 2