Cressida Cowell
Cressida Cowell (fødd 15. april 1966)[1] er ein engelsk forfattar av barne- og ungdomslitteratur. Ho er særleg kjend for serien How to Train Your Dragon, Dragetreneren, som er blitt filmatisert av DreamWorks Animation. Serien har seld i over sju millionar eksemplar over heile verda.[2] Ho har også samarbeid med illustratøren Neal Layton om barnebokserien om Emily Brow,[3] der den første bok, That Rabbit Belongs to Emily Brown, vann ein Nestlé-barnebokpris.
Cressida Cowell | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 15. april 1966 (58 år) London |
Yrke | skribent, barnebokforfattar, forfattar, illustratør, biletkunstnar |
Språk | engelsk |
Far | Michael Hare, 2nd Viscount Blakenham |
Mor | Marcia Persephone Hare |
Ektefelle | Simon Michael Cowell |
Born | Maisie Cowell, Clementine Cowell, Alexander Cowell |
Cressida Cowell på Commons |
Cowell vart fødd i London, og voks opp der med fleire sommaropphald på ei lita, folketom øy ved vestkysten av Skottland.[4] Draketrenar-serien hennar skal ha blitt inpirert av desse opphalda i Dei indre Hebridane.[5]
Cowell er utdanna innan litteratur og design. Ho studerte engelsk ved Keble College i Oxford og illstrasjon ved Saint Martin's School of Art og Brighton University. Ho byrja karrieren som illustratør, men blei etter kvart ein suksessrik forfattar av bilde- og barnebøker.
Cressida Cowell bur i London[6] med ektemannen Simon, ein tidlegare leiar for International Save the Children Alliance, døtrene Maisie og Clementine og sonen Alexander.[7]
Verk
endreFleire av bøkene hennar om Dragetreneren er omsette til norsk, av Sverre Knudsen.
- Bøkene om Dragetreneren - How to Train Your Dragon
- 2003 Dragetreneren (Engelsk How to Train Your Dragon)
- 2004 Pirathåndboka (How to Be a Pirate)
- 2005 Lær å snakke dragonesisk (How to Speak Dragonese)
- 2006 Drageforbannelsen (How to Cheat a Dragon's Curse)
- 2007 Ikke slukk en drages flamme (How to Twist a Dragon's Tale)
- 2008 Dødelige drager (A Hero's Guide to Deadly Dragons)
- 2008 Dragestorm (How to Ride a Dragon's Storm)
- 2009 How to Break a Dragon's Heart
- 2011 How to Steal a Dragon's Sword
- 2012 The Day of the Dreader
- 2012 How to Seize a Dragon's Jewel
- How to Betray a Dragon's Hero (2013)
- How to Fight a Dragon's Fury (2015)
- The Complete Book of Dragons: A Guide to Dragon Species (2014)
- A Journal for Heroes (2015)
- Emily Brown
- That Rabbit Belongs to Emily Brown
- Emily Brown and the Thing
- Emily Brown and the Elephant Emergency
- Cheer Up Your Teddy Bear, Emily Brown!
- Little Bo Peep’s Troublesome Sheep
- Andre bøker
- Don’t Do That Kitty Kilroy
- What Shall We Do with the Boo-Hoo Baby
- There's No Such Thing as a Ghostie!
- Daddy on the moon
- Hiccup the Seasick Viking
- How to Train Your Viking, by Toothless the Dragon (2006)
Prisar og utmerkingar
endre- 2006 Nestlé Children’s Book Prize, Gold Award 0–5 years category: That Rabbit Belongs to Emily Brown by Cressida Cowell & Neal Layton (Orchard Books)[8]
- 2018 Blue Peter Book Award, Best Story category: The Wizards of Once (Hodder Children's Books)[9]
Kjelder
endre- ↑ «F.A.Q.s - Cressida Cowell – Quick Facts». Cressidda Cowell - Official Website. Arkivert frå originalen 10. oktober 2014. Henta 4. april 2012.
- ↑ "Children's author Cressida Cowell scoops philosophers' award for fight against stupidity". The Guardian. Henta 15. juni 2017
- ↑ http://www.neallayton.co.uk/
- ↑ «Archived copy». Arkivert frå originalen 21 December 2013. Henta 21. juli 2013.
- ↑ "Secret Scottish isle inspired dragon tales" BBC News, 30 March 2010
- ↑ «Cressida Cowell». DavidHigham.Co.UK. Arkivert frå originalen 6. januar 2010.
- ↑ Official website – About me, arkivert frå originalen 2. april 2010, henta 18. februar 2019
- ↑ http://www.booktrust.org.uk/prizes-and-awards/13/2006
- ↑ «Blue Peter Book Awards 2018». www.booktrust.org.uk. Henta 29 July 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Cressida Cowell» frå Wikipedia på bokmål og «Cressida Cowell» frå Wikipedia på engelsk, den 18. februar 2019.