Hroar Olsen
norsk politikar
Hroar Olsen (30. april 1859–26. august 1941) var ein norsk embetsmann frå Trondheim, stortingsmann 1919-21 for partiet Høgre.
Far til Olsen var kaptein i den norske marinen. Sjølv utdanna han seg til jurist ved universitetet i Kristiania. I 1883 fekk han stilling i Indredepartementet, frå 1890 var han ekspedisjonssekretær i same departementet. År 1898 tok han over som amtmann i Søndre Bergenhus. Dette embetet styrte han til 1918, siste elleve åra var han også stiftamtmann. Sidan sat han i posisjonen som fylkesmann i Akershus frå 1919 og i Oslo og Akershus frå 1924 til 1929.
Olsen representerte einmannskrinsen Kalfaret og partiet Høgre på Stortinget 1919–21. På Tinget var han formann i Jarnbanekomiteen.