Hrodna
Grodno
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Belarus
Fylke Hrodna voblasts
Areal 142 km²
Folketal 358 717 (1. januar 2023)
Kart
Hrodna
53°40′0″ N 23°49′0″ E
Wikimedia Commons: Hrodna

Hrodna, polsk og russisk: Grodno, er ein by i det vestlege Belarus ved elva Nemunas med i kring 353 000 ibuarar (2013). Byen, som er hovudstad i Hrodnas voblast, er i folketal den femste største i landet.

Soge endre

Grodno er ein gammal litauisk by, grunnlagd i 1127. Under den store nordiske krigen kringsette ein svensk hær byen i 1706. Den polske riksdagen skreiv i 1793 under vedtaket om Polens andre deling i byen, og Polens siste konge, Stanislaus August, la ned krona den 25. november 1795.

Under det russiske imperiet var Grodno hovudstad i guvernementet Grodno med 46 919 ibuarar i år 1897. Byen høyrde til det jødiske busetjingsområdet i Tsar-Russland, omkring halvparten bybuarane var jødiske.

Frå 1921 til 1939 høyrde byen til den andre polske republikken. Under den polsk-sovjetiske krigen i 1939 vart Hrodna innlemma i sovjetrepublikken Belarus. Frå slutten av juni 1941 til juli 1944 var byen okkupert av tyske hærstyrkar, i desse åra vart dei aller fleste jødane sende til dei tyske konsentrasjonsleirane. Periodane 1944-46 og 1955-59 vart ein majoritet av den polske folkesetnaden anten utvist eller flykta frå Hrdona.

Galleri endre

Kjelder endre