Hugo
mannsnamn
Hugo er eit mannsnamn som er danna som ei tysk kortform av namn som byrjar med Hug-. Tydinga av namnet kan vera noko slikt som 'sindig' og er knytt til gamalhøgtyske hugh og norrønt hugr, som tyder 'sinn' eller 'hug'. Namnet Hugo er også brukt som etternamn.
Hugo har svensk namnedag den 3. november og norsk den 17. november.
Den norrøne forma av namna er Hugi. På fransk er det skrive Hugues, på italiensk Ugo og på engelsk har namnet forma Hugh.
Kjende namneberarar
endre- Hugo den store, greve av Paris
- Hugo Capet (ca. 938—96), fransk konge, son av Hugo den store
- Hugo Grotius (1583-1645), nederlandsk jurist og politikar
- Hugo Wolf (1860-1903), austerriksk-slovensk komponist
- Hugo Haase (1863-1919), tysk politikar
- Hugo Boss (1885–1948), tysk klesdesignar
- Hugo Gernsback (1884–1967), amerikansk science fiction-pioner, har gjeve namn til Hugo Awards.
- Hugo Lous Mohr (1889-1970), norsk målar
- Hugo Pratt (1927-1995), italiensk teikneserieskapar
- Hugo Bjørnstad (f. 1953), ordførar i Vågan
- Hugo Chávez (f. 1953), venezuelansk president
- Hugo Almeida (f. 1984), portugisisk fotballspelar
- Hugo Lloris (f. 1986), fransk fotballspelar
Hugo som etternamn
endre- Victor Hugo (1802 - 1885), fransk forfattar
Kjelder
endre- «Hugo» i Store norske leksikon
- Denne artikkelen bygger på «Hugo» frå Wikipedia på bokmål, den 16. november 2008.