Hugo Capet (fødd ca. 938–940, død 24. oktober 996 usikker dato[1][2]) var fransk konge frå 987 til han døydde i 996. Slektsnamnet «Capet» kom av at Hugo, i eigenskap av abbed for klosteret Saint-Martin de Tours og Saint-Germain des Prés, bar ein kort frakk som blei kalla for cappa.

Hugo Capet

Konge av Frankrike
FranskHugues Capet
Fødd940
FødestadDourdan
Død24. oktober 996
DødsstadLes Juifs
GravstadKlosterkyrkja Saint-Denis
Gift medAdelaide av Aquitaine
DynastiKapetingarane
FarHugo den store
MorHedvig av Sachsen
BornHedwig av France, grevinne av Mons, Robert II av Frankrike, Gisèle de France

Liv endre

Hugo var fødd i 938 i Paris. Han kom frå ein mektig adelsfamilie av frankisk bakgrunn. To familiemedlemmar hadde allereie sete som konge av Frankrike på 800-900-talet. Han var son av Hugo den store, som var greve av Paris, og Hedvig av Sachsen. Besteforeldra hans på farssida var Robert I av Frankrike og Beatrix av Vermandois, dotter av Herbert I av Vermandois. Besteforeldra på morssida var Henrik I av Sachsen, òg kalla for «Henrik Fuglfangaren», og Matilda av Ringelheim. Sjølv ynskte Hugo å bli lekmannsabbed, og hadde i 980 førebudd å flytta relikviane til heilage Valéry til domkyrkja i Amiens. Han arva landområda til far sin, og blei såleis den mektigaste adelsmannen i riket.

Mellom 978 og 986 klarte Hugo å oppretthalda den dominerande maktstillinga si mot den svake karolinske kongen Lothar III gjennom ein allianse med dei tyske keisarane Otto II og Otto III og med biskop Adalbero av Reims. Allereie i 985 styrte Hugo riket som om han var konge. Lothar og sonen hans døydde i 987, og erkebiskopen i Reims overtydde ei gruppe adelsmenn til å velja Hugo Capet til ny konge. Han blei krona den 3. juli 987 i Noyon i Picardie og blei såleis stamfar til Huset Capet.

Hugo Capet åtte nokre mindre eigedomar i nærleiken av Chartres og Anjou, og mellom Paris og Orléans kontrollerte han byar og gods på kring 1 000 km², men makta hans var innskrenka til dette området. Om han våga seg utanfor risikerte han å kidnappast eller drepast. Eit komplott for å kidnappa Hugo Capet for Otto III rekning blei planlagd av biskopen av Laon og Odo av Blois i 993.

Planen mislukkast, men det at ingen blei straffa for samansverjinga viser kor avgrensa maktposisjonen hans var. I resten av Frankrike, utanfor kroneigedommane til Hugo Capet, eksisterte det like mange lovar som det var grevskap: bortimot 150 ulike pengeeiningar og minst eit dusin ulike språk. Å sameina dette til eitt samanhengande rike tydde ein farefull maktkamp mellom den franske krona og føydalherrane i landet, særkeg dei i områda i Seine og Loiredalen, og dette blei Hugo Capet sin livsgjerning. Tilsettjnga og deretter avsettinga av Arnulf, nevø av hertugen av Lorraine, som biskop av Reims (Arnulf hadde ikkje gjeve si stemme til Hugo då han blei vald som konge) blei ein konflikt med konge og biskopane mot pave Johannes XV som ikkje var blitt løyst då Hugo Capet døydde.

Den militære makta hans var avgrensa og han måtte søkja militær støtte hos Rikard I av Normandie, men det at han var vald som konge gav han stor moralsk autoritet og innverknad.

Han gifta seg i 970 med Adelheid av Aquitaine (952-1004), dotter av hertug Vilhelm III av Aquitaine.

Hugo Capet blei gravlagd i Saint-Denis-basilikaen i Paris, men kista hans forsvann under den franske revolusjonen. Han blei etterfølgd av sonen sin, Robert II av Frankrike.

Kjelder endre

  1. Hugo Capet i SNL oppgjev fødselsåret til 940 og dødsår til 996
  2. Hugo Capet i Nordisk Familjebok oppgjev at Hugo Capet blei fødd rundt 938 og døydde 24. oktober 996