Hugo Hildebrand Hildebrandsson
Hugo Hildebrand Hildebrandsson (19. august 1838–29. juli 1925) var ein svensk meteorolog, professor og sjef for det meteorologiske institutt ved Universitetet i Uppsala frå 1878 til 1907.
Hugo Hildebrand Hildebrandsson | |||
| |||
Fødd | 19. august 1838 Stockholm, Kungsholm | ||
---|---|---|---|
Død | 29. juli 1925 Uppsala domkyrkoförsamling | ||
Nasjonalitet | Sverige | ||
Område | meteorologi | ||
Yrke | meteorolog, universitetslærar, geograf | ||
Institusjonar | Uppsala universitet | ||
Alma mater | Uppsala universitet | ||
Medlem | Vitskapsakademiet i St. Petersburg Kungliga Vetenskapsakademien Det russiske vitskapsakademiet |
Han deltok i den internasjonale meteorologiske komitéen frå 1878 til 1907 og var viktig i organiseringa av det internasjonale samarbeidet i meteorologien. Han er kjend for klassifiseringa av skyer i lag med Ralph Abercromby og dei gav ut eit internasjonalt skyatlas i 1896. Hildebrandsson publiserte òg arbeid om atmosfærisk sirkulasjon og utnytta mellom anna rørslene til skyene til å estimere vinden i høgare luftlag.
Han var medlem av Det kongelege svenske vitskapsakademiet og sat i komiteen som avgjorde nobelprisen i fysikk.
Kjelder
endre«Hugo_Hildebrand_Hildebrandsson» i Store norske leksikon, snl.no.