Verdsutstillinga i Paris i 1889

Verdsutstillinga i Paris i 1889 var ei verdsutstilling som blei halden i Paris frå 6. mai til 31. oktober 1889.

Plakat for utstillinga
Oversiktsbilde over verdsutstillinga
Sporvogner framfor La Galerie des Machines, ein utstillingshall ved Marsmarka av Charles-Louis Ferdinand Dutert. Hallen blei riven i 1909. Det nye Eiffeltårnet er synleg i bakgrunnen.

Verdsutstillinga blei arrangert i samband med 100-årsmarkeringa av storminga av Bastillen, ei hending som tradisjonelt er blitt rekna som starten på den franske revolusjonen. Det største byggverket og symbolet for utstillinga var Eiffeltårnet, som blei bygd ferdig i 1889. Bogen til tårnet danna sjølve porten til utstillinga. Utstillinga dekka eit område på 0,96 km².

Ein stor attraksjon ved utstillinga var ein «afrikansk landsby» med 400 innfødde henta til Frankrike frå koloniane.

Tal frå utstillingaEndra

  • Utgifter: 41,5 millionar franc
  • Billettinntekter: 49,5 millioner franc
  • Vitjande: 28 millionar
  • Utstillarar: over 61 722, derav 55% franske

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra