kibbutz Hulda
landsby
Land  Israel
Region Shephelah
Distrikt Sentral
Kommune Gezer
Koordinatar 31°49′56.28″N 34°53′0.24″E
Folketal 1 169 (2021)[1]
Grunnlagd 1930
 - Grunnlagd av Gordonia-medlemmar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Hulda i Israel
31°49′56″ N 34°53′0″ E
Wikimedia Commons: Hulda, Israel

Hulda (hebraisk skrift חֻלְדָּה) er ein kibbutz sentralt i Israel. Han ligg i Shephelah nær Huldaskogen og Burmavegen og høyrer til Gezer regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 332.[2] Kibbutzen er kalla opp etter den palestinske landsbyen Khulda, som låg i nærleiken fram til den arabisk-israelske krigen i 1948.[2]

Historie endre

Minnesmerke i Hulda.

I 1905 kjøpte Anglo Palestine Bank 2000 mål med land frå Saidun-stamma for ein jødisk busetnad nær Jaffa–Jerusalem-banen. Landområdet vart overført til Jewish National Fund som igjen gav det vidare til Eretz Israel Office. I 1909 vart Hulda gard grunnlagd og ein ein bygning (i dag Herzl-huset) vart bygd for å huse styraren av garden og seinare grupper av pionerar som fekk opplæring der før dei grunnla Ein Harod, Kfar Yehezkel, Ginegar og andre kibbutzim.[3]

Under Palestinaopprøra i 1929 vart garden angripen og øydelagd. Britiske styrkar gav ordre om å evakuere nybyggjarane, men hindra dei i å ta med seg liket av Efraim Chizik, sjefen for Haganah som omkom i slaget.[4] I 1931 slo ei pionergruppe frå Gordonia seg ned i Hulda. Garden leid under fleire åtak under arabararopprøret i Palestina i 1936–1939.[3]

Under den israelske sjølvstendekrigen i 1948 tente garden som hovudkvarter for Yiftach-brigaden til Palmach og som base for konvoiar som førte forsyningar til Jerusalem.[2][5]

Kibbutzen vart utgangsposisjonen til jødiske konvoiar som prøvde å bryte gjennom den arabiske kringsetjinga av Jerusalem. 230 konvoiar sette ut for å bringe forsyningar til Jerusalem.[6]

Tidleg i 1980-åra budde det 220 menneske her, men økonomiske vanskar førte til at mange familiar flytta, og berre halvparten vart verande att. Kibbutzen er sidan blitt privatisert.[7]

Økonomi endre

Hulda vingard, som dekkjer over 1 200 mål, er den største enkle vingarden i Israel.[8]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.cbs.gov.il/he/publications/doclib/2019/ishuvim/bycode2021.xlsx.
  2. 2,0 2,1 2,2 Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval Elʻazari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 174. ISBN 965-7184-34-7.  (he)
  3. 3,0 3,1 Herzl never lived here, arkivert frå originalen 19. oktober 2015, henta 26. juli 2015 
  4. The First Forest, arkivert frå originalen 10. april 2016, henta 26. juli 2015 
  5. Shabtai Teveth (1996) Ben Gurion's Spy Columbia University Press ISBN 0-231-10464-2 s. 19-20
  6. The Convoy Skeletons, arkivert frå originalen 21. september 2013, henta 26. juli 2015 
  7. With interest waning, kibbutzim adopt new approach to survive
  8. About Barkan Winery