Hunda
Geografi
Hunda is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 58°51′ N 2°59′ WKoordinatar: 58°51′ N 2°59′ W
Øygruppe Orknøyane

Areal 1,00 km²

Høgaste punkt 42 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Orknøyane

Demografi
Folketal 0

Hunda er ei folketom øy i Orknøyane i Skottland. Ho er 100 hektar stor og har ei høgd på 42 meter over havet. Ho ligg i Scapa Flow og er landfast med naboøya Burray via ein molo bygt i 1941 for å blokkere sundet mellom øyane som ein del av Churchill Barriers.[1]

Moloen til Hunda, sett frå Burray

Namnet kjem frå norrønt for «hundøya». Vikingane nytta Orknøyane som base for tokta sine mot Skottland og Noreg og øyane var under norrøne jarlar fram til 1231.[2] Øya har eit rikt fugleliv.[3]. Det ligg eit gammalt steinbrot på øya.

Hunda vert i dag nytta til saue- og geitehald.[4]

KjelderEndra

  1. Wenham, Sheena: The South Isles i Omand, Donald (ed., 2003): The Orkney Book. Edinburgh: Birlinn, s. 211.
  2. Orknøyane
  3. Haswell-Smith, Hamish (2004): The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
  4. South Ronaldsay & Burray