Anders Langes Avis

(Omdirigert frå Hundeavisa)

Anders Langes Avis (den tidlegare Hundeavisa) var ei avis om hundehald og politikk. Avisa fungerte i stor grad som Anders Lange sitt personlege talerøyr, og stod i det store og det heile for same politikken som det seinare Anders Langes Parti.

Anders Langes Avis
LandNoreg
TypeAvis
Grunnlagd1948
Nedlagd1974
Grunnlegger(ar)Anders Lange
IdeologiMarknadsliberalisme
Politisk posisjonHøgresida
HovudkvarterOslo

Historie

endre

I 1947 vart Anders Lange sekretær i Norsk Kennelklubb og skipa seinare ein eigen kennel i Oppegård. I 1948 tufta han Hundeavisa. Avisa handla i byrjinga hovudsakleg om hundehald, men vart meir og meir open for politiske ytringar.[1] Utover 60-talet vart den redaksjonelle profilen heilt endra og avisa vart omdøypt til Anders Langes Avis. Avisa hadde ein krass brodd mot det rådande politiske miljøet, og hovudsakleg retta mot skattar og avgifter og alle former for avgrensingar av det frie næringslivet, og inngrep i livet til den enkelte. Lange var sjølv kritisk til å føre utviklingshjelp, og redaksjonelt stod Anders Langes Avis for ein sterk politisk kritikk av opposisjonen mot det sørafrikanske apartheid-regimet og støtte til regimet.[2] [3]

Kjelder

endre
  1. Lange, Anders (17. november 1950). «Åpent brev til norges dyrevenner: Spis ikke ihjelpinte dyr.». VG. «Vi dyrevenner vil ha forbud mot geværukyndige som elgjegere. Og vi vil ha oppsporelsesplikt på de sårete, uansett fredningstidens inntredelse.» 
  2. Hansen, Eva Kristin (22. oktober 2001). «Avlat for Bondevik». Dagbladet. Arkivert frå originalen 5. februar 2016. Henta 11. februar 2010. 
  3. Fugelli, Per (2. desember 2007). «- Stoppmelding!». Dagbladet. «16. april 1963 skrev Anders Lange, Fremskrittspartiets grunnlegger, på side 1 i sin avis, Hundeavisen: «Alle som går inn for sort flertallstyre i Sør-Afrika er forrædere mot den hvite rase.»» 
  Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.