Oppegård kommune
Oppegård var ein kommune i Akershus fylke. Kommunen låg på austsida av Bunnefjorden, ein arm av Oslofjorden, og grensa i nord til Oslo, i vest til Ski, i sør til Ås og i vest til Nesodden kommune. Viktige tettstader var Oppegård, Svartskog og Kolbotn.
Oppegård kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Akershus | ||
Adm.senter | Kolbotn | ||
Areal | 37 km² | ||
• land | 34 km² | ||
• vatn | 3 km² | ||
Målform | Bokmål | ||
Ordførar | Thomas Sjøvold (H) | ||
Kommunenr. | 0217 | ||
Oppegård 59°47′33″N 10°47′25″E / 59.7925°N 10.790277777778°E | |||
Kart som viser Oppegård kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Oppegård (former municipality) | |||
Nettstad: www.oppegard.kommune.no |
Geografi
endreDen lange, nord-sørgåande Gjersjøen delte kommunen i to.
Østfoldbanen har frå gammalt av vore livsnerva i Oppegård. Han har desse stoppestadane i kommunen: Kolbotn, Solbråtan, Myrvoll, Greverud og Oppegård.
Næringsliv
endreFleire store verksemder har etablert seg med kontor i kommunen, mellom anna IBM, Norgesbuss, Kodak, Volvo/Ford, DFDS Transport og Jernia.
Historie
endreOppegård var del av Nesodden fram til 1915, då han blei skild ut som eige herad. Kommunevåpenet har 17 trekantar som står for dei ulike gardane i kommunen: Oppegård, Grønmo, Bålerud, Sjødal, Ormerud, Li, Kullebunden, Ekornrud, Greverud, Sætre, Kurud, Dal, Vasbunden, Hvitebjørn og Fløisbonn.
Den 1. januar 2020 var kommunen slegen saman med Ski kommune til Nordre Follo kommune.[1]
Kjende Oppegårdfolk
endre- Jan Petersen, politikar
- Roald Amundsen budde på Svartskog.
Kjelder
endre- ↑ «Forskrift om sammenslåing av Oppegård kommune og Ski kommune til Nordre Follo kommune, Akershus - Lovdata», lovdata.no, henta 2. januar 2020
Bakgrunnsstoff
endre- Oppegård kommune (Offisiell nettstad)