Hundekjeks
Hundekjeks (Anthriscus sylvestris) er ei fleirårig plante i skjermplantefamilien. Arten er utbreidd over Europa, Asia og det nordlege Afrika.
Hundekjeks | |
Hundekjeks | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Skjermplanteordenen Apiales |
Familie: | Skjermplantefamilien Apiaceae |
Slekt: | Hundekjeksslekta Anthriscus |
Art: | Hundekjeks A. sylvestris |
Vitskapleg namn | |
Anthriscus sylvestris |
Planta er kring 70 cm høg, med kvasstagga stengel som er stivhåra nedst. Blada er blanke og lysgrøne. Planten har småsveip med 5-6 blad. Blomstrane er kvite eller bleikt grøngule. Frukta er 6-7 mm lang og brunsvart på farge. Hundekjeks blømer kring juni i eng og open skog.
Hundekjeks er vanleg over heile Noreg. Han er funnen opp til 1280 moh. i Oppdal.
Planta breier seg lett, og vert sett på som eit ugras i jordbrukslandskapet. Plantene vert då sprøytte med gift enkeltvis.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hundkäx» frå Wikipedia på svensk, den 19. juni 2010.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.