68°34′13″N 014°54′38″E / 68.57028°N 14.91056°E / 68.57028; 14.91056

Hurtigrutemuseet

Hurtigrutens Hus, der Hurtigrutemuseet har lokale.
StadHadsel
Skipa1993
Kart
Hurtigrutemuseet
68°33′56″N 14°54′47″E / 68.56555556°N 14.91305556°E / 68.56555556; 14.91305556

Hurtigrutemuseet er eit museum på Nordnes (Richard Withs plass) i Stokmarknes i Nordland fylke, drive av stiftinga Hurtigrutemuseets forening. Museet har som sitt fremste utstillingsobjekt det komplette hurtigruteskipet MS «Finnmarken», bygd i 1956 og eigd av Vesteraalens Dampskibsselskab (VDS). Skipet vart drege på land 16. juni 1999, og er seinare utstyrt med i ein vernebygning.

Hurtigruteskipet MS «Finnmarken», bygd i 1956, er ein vesentleg del av Hurtigrutemuseet.
MS «Finnmarken» som museumsskip, fotografert i juli 2006.

Museet vart opna 2. juli 1993 av dåverande samferdsleminister Kjell Opseth. Opninga gjekk føre seg på hundreårsdagen for den fyrste seglinga med DS «Vesteraalen» frå Trondheim i den såkalla hurtigruta, ei rute med snøgge skip for frakt av passasjerar og gods mellom alle dei viktigaste kyststadane i Nord-Noreg og delar av Sør-Noreg.

Hurtigrutemuseet har utstillingar som gjer greie for soga til hurtigruta, og er dessutan eit informasjonssenter for kystkulturen. Det tek sikte på å vere ein faglig ressurs for skular, og for institusjonar og organisasjonar som driv med kulturvern. Opphavleg hadde museet tilhald i den gamle direktørbustaden til Vesteraalens Dampskibsselskab, men flytta i 1999 til nye lokale i Hurtigrutens Hus attmed hurtigrutekaia i Stokmarknes.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hurtigrutemuseet