Husevågøy
Husevågøy | |
---|---|
![]() Husevåg Foto: Svein-Magne Tunli
| |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Nordfjord |
Koordinatar | Koordinatar:
|
Areal | 9,3 km²
|
Høgaste punkt | Krabbestighelda (330 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | ![]() |
Fylke | Vestland
|
Demografi | |
Folketal | 74 (2001) |
Folketettleik | 8,0 /km² |
Husevågøy er ei øy i Kinn kommune i Vestland. Øya ligg ytst i Nordfjord, mellom Bremangerlandet og øya Vågsøy og har eit areal på 9,3 km² og om lag 70 innbyggjarar. Den største busetnaden på staden er Husevåg med omlag 30 innbyggjarar. Det er ferjesamband med Måløy og Oldeide. Namnet kjem av gardsnamnet Husevåg. Det viser til bustadhus i vågen, og at andre vågar i nærleiken mangla dette.
Frå gamalt av var det ein enkel bygdeveg gjennom sjølve grenda Husevåg. I 1975 vart det bygd veg Ramsevik-Tytingvåg-Krabbestig. I 1989 vart det bygd veg over fjellet frå Husevåg til Ramsevik. Tanken var å halde fram med vegen heilt fram til ferjekaia ved Våganeset, men denne siste stubben kom ikkje før i 1992.
Fotogalleri Endra
-
Husevåg sett frå toppen av Blåfjellet
-
Husevåg
-
Husevåg
-
Hamna i Husevåg
-
Fiskebåtar i hamna i Husevåg
-
Hamna i Husevåg
-
Hamna i Husevåg
-
Busetnad i Husevåg
-
Sjøhus i Vågen
-
Husevåg
-
Hovdeneset
-
Solnedgang i Husevåg
-
Sjøhus i Vågen i Husevåg
-
Utsikt frå Blåfjellet mot Rønelden
-
Helleristningar i Færeldemyra under Krabbestigen
-
Trollhola
Bakgrunnsstoff Endra
- Store norske leksikon
- Fakta og informasjon om Husevågøy
- Arkeologisk tidsskrift - Helleristninger på Husevågøy (side 7-9)Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.