Bremangerlandet
Bremangerlandet er ei øy i Bremanger kommune i Nordfjord i Vestland. Øya har eit areal på 131,3 km² og er med det den største øya i fylket.
Bremangerlandet | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Nordfjord |
Koordinatar | 61°51′N 05°02′E / 61.850°N 5.033°E
|
Areal | 131,3 km²
|
Høgaste punkt | Hornelen (860 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Vestland
|
Det høgaste fjellet på øya er sjøklippa Hornelen på 860 meter over havet, heilt aust på øya. Hornelen er den høgaste sjøklippa i Europa og stig nesten loddrett opp frå Frøysjøen, som ligg på sør- og austsida av øya. Fåfjorden ligg på nordsida. Øya ligg ved innløpet til Nordfjord.
Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.