Husn-leiren eller Al-Husn-leiren, lokalt kalla Martyr Azmi el-Mufti-leiren, er ein palestinsk flyktningleir i Jordan. Han ligg nær Al Husn, kring 80 km nord for Amman. Han vart grunnlagd i 1968 for å huse 12 500 flyktningar som vart drivne bort frå Vestbreidda og Gazastripa under seksdagarskrigen i 1967.[1] I 2005 husa han 50 573 flyktningar. Leiren har eit kvinnesenter, fire skular, eit helsesenter, eit senter for utlevering av mat og eit rehabiliteringssenter.[1]

Husn-leiren
flyktningleir
Land  Jordan
Guvernement Irbid guvernement
Folketal 50 573  (2005)
Kart
Husn-leiren
32°28′33″ N 35°54′26″ E

I starten bydde flyktningane i telt, men etter kvart som det kom fleire flyktningar til området, vart det sett opp permanente bygningar mellom 1969 og 1971 av SNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar i Midtausten (UNRWA).[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Husn Refugee Camp». UNRWA. Henta 3. juni 2013.