Irbid guvernement

Irbid eller Irbed (arabisk محافظة إربد‎) er eit guvernement i Jordan. Det ligg nord for Amman, hovudstaden i Jordan. Det administrative senteret i Irbid er byen Irbid. Guvernementet er det nest største i folketal i Jordan etter Amman guvernement, og det tettast folkesette i landet.

Irbid
إربد
guvernement
Irbid guvernement
Land  Jordan
Nahiaer 9
Byar Ar Ramtha
Hovudstad Irbid
Tidssone GMT +2
Retningsnummer +(962)2
Urban 82.9%
Landsbygd 17.1%
Kart
Irbid guvernement
32°32′44″N 35°51′26″E / 32.545561111111°N 35.857219444444°E / 32.545561111111; 35.857219444444
Kart som viser Irbid guvernement.
Kart som viser Irbid guvernement.
Kart som viser Irbid guvernement.
Wikimedia Commons: Irbid Governorate

Historie

endre
 
Byen of Um Qais (Gadara).
 
Ei bysantinsk kyrkje i Um Qais.
 
Ein bysantinsk stad i Ar Ramtha.

Irbid har vore kontrollert av greske, romerske og islamske sivilisasjonar som har etterlate seg historiske og arkeologiske stader. Romerske og greske byar som Arabella (Irbid), Capitolias (Beit–Ras), Dion (Al Hisn), Gadara (Umm Qais), Pella (Tabeqt Fahel) og Abello (Qwailbeh) vart grunnlagde her. Dei var medlemmar av Dekapolis: eit forbund som bestod av ti romerske byar i området. Ghassanidane hadde oppretta landet sitt nord i Jordan, og dekte Irbid, Golan og Horan. Det vart skidlra som eit av dei vakraste, syriske landa. Kristendomen spreidde seg her på 100- og 200-talet evt.

Edom- og Ammon-sivilsasjonen heldt til i dette området. Området vart erobra av islamske arabarar i 634 evt.

Under mamelukkane spelte Irbid ei viktig rolle som stoppestad for pilegrimar frå Tyrkia, nord i Irak og sør i Russland. Det vart eit viktig transportknutepunkt og ein inngang til Egypt, Hijaz og Palestina, særleg i tida då Irbid var knytt til Damaskus.

Geografi

endre

Irbid guvernement ligg i heilt nordvest i Jordan i Yarmoukvassdraget og Jordandalen. Det meste av guvernementet er ein del av Hawran-sletta, som dekkjer nordlege Jordan, og sørvestlege Syria. Guvernementet grensar til Syria (Golanhøgdene) i nord, Jordanelva i west, Mafraq guvernement i aust og Jerash, Ajloun og Balqa guvernement i sør.

Demografi

endre

Folketeljinga i 2004 synte at Irbid guvernement hadde eit folketal på 928 292. Estimata for 2009 var like over éin million innbyggjarar.

Administrativ inndeling

endre

Irbid guvernement er kalla opp etter hovudstaden og den største byen. Han er delt inn ni departement kalla alweya, som er fleirtalsforma av liwaa. Mange av desse departementa ligg tett inntil storbyområdet kring Irbid.

Nahiyaer Arabisk namn Folketal (2004) Administrativt senter
1 Irbid nahiya (Al-Qasabeh) لواء القصبة 375 594 Byen of Irbid
2 Bani Obaid nahiya لواء بني عبيد 93 561 Al Hisn
3 Al-Mazar Al-Shamali nahiya لواء المزار الشمالي 44 166 Al Mazar al Shamali
4 Ar Ramtha nahiya لواء الرمثا 109 142 Ar Ramtha
5 Bani Kinanah nahiya لواء بني كنانة 76 398 Sama al-Rousan
6 Koura nahiya لواء الكورة 91 050 Der Abi Saeed
7 Al-Aghwar Al Shamaliyyeh لواء الأغوار الشمالية 85 203 Nord-Shuneh (الشونة الشمالية)
8 Taybeh nahiya لواء الطيبة 29 318 Taybeh
9 Wasatieh nahiya لواء الوسطية 24 046 Kufr Asad

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Irbid guvernement