Hustad kyrkje i Fræna
Hustad kyrkje er ei einskipa langkyrkje på Hustad i Hustadvika kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1875 og bygd i treverk. Ho har kring 350 sitjeplassar. Arkitekt for kyrkja var Jacob Wilhelm Nordan og ho er reist av byggmeister Jacob Digre.[1]
Hustad kyrkje | |||
kyrkje | |||
Hustad kyrkje
Foto: kirkenorge.no | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Hustadvika | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Møre | ||
Prosti | Molde domprosti | ||
Sokn | Hustad | ||
Fellesråd | Fræna | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Jacob Wilhelm Nordan | ||
Teknikk | Tømring | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1875 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | ca. 350 | ||
Hustad kyrkje i Fræna 62°57′22″N 7°05′50″E / 62.9562°N 7.0971°E | |||
Wikimedia Commons: Hustad kirke |
Det er kyrkjegard ved kyrkja.
Kyrkja som står no er den tredje kyrkja på Hustad. Den første var ei stavkyrkje som brann ned i 1718.[1] Om ho stod på same plassen som no veit ein ikkje. Soknet var utan kyrkje i 20 år før det fekk ny. Den nye kyrkja vart bygd i 1738 av tømmer, var raudmåla og hadde krossform. Denne kyrkja stod omtrent på same plassen som kyrkja i dag og vart riven for å gje plass til den nye.[1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Hustad kirke». Kyrkja i Fræna / Den norske kyrkja. Henta 26. mai 2015.
Bakgrunnsstoff
endre- Hustad kyrkje i Fræna i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Hustad kyrkje i Fræna». Kirkesøk. Den norske kyrkja.