Hvem Hva Hvor er Aftenposten sitt årsleksikon som kom ut første gongen hausten 1935, då Aftenposten starta med å gi ut eit årsleksikon, ei aktuell oppslagsbok.

Årgangene 1995–2004

Dei første utgåvene av årboka 19361940 hadde tittelen Hvem Hvad Hvor. Årboka kom ikkje ut under krigen, men frå 1946 har det komme ei ny utgåve kvart år.

Formatet fram til utgåva for 1994 (utgitt i 1993) var 12,5×16,5 cm. Frå 1995-utgåva (utgitt i 1994) til og med 2010-utgåva vart det endra til det større 17×22 cm. For 2011-utgåva (utgitt i 2010) er formatet attende til det opphavlege 12,5×16,5 cm.

Bøkene har i alle år inneheldt ei kort oversikt over dei viktigaste hendingane i det førre året, avisoverskrifter med vidare, i tillegg til aktuelle tematiske artiklar, aktuelle namn i tida, idrettsrekordar, prisvinnarar, film og teater og mykje anna. Boka blir gitt ut kvart år i oktober; og er i tittelen oppgitt å gjelde det etterfølgjande året. Hvem Hva Hvor 1985, er derfor gitt ut i 1984, og dekker hendingar i perioden oktober 1983-september 1984. Ei oversikt over aktuelle namn i tida omtalt i desse utgåvene er etter avtale med Schibsted forlag lagt inn på wikipedia som Wikipedia:Årets Hvem

Utgåva for 2005 var den 65. i rekka og kom i eit opplag på 30 00. Sidan førsteutgåva har Hvem Hva Hvor komme i eit samla opplag på 4 524 000 eksemplar.

Ny utgåve kjem kvar haust, og blir marknadsført som den perfekte julegave.

Sjølv om eldre utgåver har vore relativt lett tilgjengelege i antikvariat, på loppemarknadar og i Frelsesarmeens Fretex-butikkar har Aftenposten gitt ut faksimileutgåver, fotostatiske opptrykk av dei første årbøkene. Slike bøker er gitt ut for årgangane 1936 til 1954.

Andre land endre

Årbøker av typen Hvem Hva Hvor har komme ut i fleire land.

Danmark endre

Hvem Hvad Hvor kjem i Danmark ut årleg på Politikens Forlag.

Boka samlar opp årets hendingar i Danmark og resten av verda, dels i kalenderform, dels i større artiklar. Hvem Hvad Hvor rommar dessutan ei rekke statistiske opplysningar.

Første utgåva kom den 21. desember 1933 under tittelen Hvem Hvad Hvor Politikens Aarbog 1934.

Sverige endre

När var hur var den svenske utgåva årsboka (ISSN 0347-3333) og vart gitt ut av Bokförlaget DN. Den første utgåva kom den 2. november 1944. Redigeringa avslutta 1. oktober og årsboka var ei populær julegåve i Sverige. Årtalet i tittelen var det kommande årets, sølik at När var hur 2008 samanfatta hendingar frå 1. oktober 2006 til 30. september 2007. Årsboka var delt inn i eit tital avdelingar: årets hendingar dag for dag, politikk, økonomi, samfunn, vitskap, kultur, sport, faktaspesial og eit alfabetiskt register. När var hur 2008, som kom ut den 30. oktober 2007, var den siste som vart gitt ut. Sverige-hendingar var merkte med "s".

Finland endre

Mitä Missä Milloin er den finske versjonen av Hvem Hva Hvor utgitt på forlaget Kustannusosakeyhtiö Otava. Første årgangen er 1950.

Bakgrunnsstoff endre