Hydrofluorkarbon

(Omdirigert frå Hydrofluorkarbonar)

Hydrofluorkarbon (HFK) er organiske sambindingar av hydrogen, karbon og fluor.

Hydrofluorkarbon er kraftige klimagassar. Utsleppa har auka kraftig dei siste tjue åra. På 1980-talet var klorfluorkarbon (KFK-gassar) heilt dominerande som kjølemedium i luftkjøleanlegg i bilar. Etter at Montreal-protokollenvart vedteken i 1987, skifta bilindustrien til hydrofluorkarbon (HFK) som ikkje øydelegg ozonlaget. I Kyoto-protokollen frå 1997 er HFK lista opp blant dei drivhusgassane som skal fasast ut innan 2012.

Vedtak om avgift for utslepp av hydrofluorkarbon og perfluorkarbon gjeld følgjande perfluorkarbon:[1]

  • HFK-23 (CHF3)
  • HFK-32 (CH2F2)
  • HFK-41 (CH3F)
  • HFK-43-10mee (CF3CF2CHFCHFCF3)
  • HFK-125 (CF3CHF2)
  • HFK-134 (CHF2CHF2)
  • HFK-134a (CF3CH2F)
  • HFK-152a (CHF2CH3)
  • HFK-143 (CHF2CH2F)
  • HFK-143a (CF3CH3)
  • HFK-152 (CH2FCH2F)
  • HFK-161 (CH3CH2F)
  • HFK-227ea (CF3CHFCF3)
  • HFK-236cb (CF3CF2CH2F)
  • HFK-236ea (CF3CHFCHF2)
  • HFK-236fa (CF3H2CF3)
  • HFK-245ca (CHF2CF2CH2F)
  • HFK-245fa (CF3CH2CHF2)
  • HFK-365mfc (CF3CH2CF2CH3)

Kjelder

endre
  1. Avgift på hydrofluorkarboner (HFK) og perfluorkarboner (PFK) Arkivert 2016-01-22 ved Wayback Machine. Rundskriv nr. 7/2015 S (1. januar 2015). Tolldirektoratet (Toll.no).

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Hydrofluorkarbon