Hydrogenhalogenid

kjemisk sambinding

Hydrogenhalogenid (eller H-halogenid) er toatomige, uorganiske sambindingar med generell formel HX, der H er eit hydrogenatom og X er eit halogenatom. Desse halogenida er fargelause gassar som lett løyser seg i vatn og gir halogenhydrogensyrer (HX-syrer).

Hydrogenklorid løyst i vatn gir saltsyre, som er eit viktig delemne i magesaft. Hydrogenfluorid, hydrogenklorid og hydrogenbromid finst naturleg i vulkanske gassar.


Hydrogenhalogenid Summeformel Strukturformel HX-syre
Hydrogenfluorid HF
H––F
Fluorhydrogensyre
Hydrogenklorid HCl
H––Cl
Klorhydrogensyre
Hydrogenbromid HBr
H––Br
Bromhydrogensyre
Hydrogenjodid HI
H––I
Jodhydrogensyre
Hydrogenastatid HAt
H––At
Astathydrogensyre

Sjå ògEndra

KjelderEndra