Saltsyre

uorganisk syre
(Omdirigert frå Klorhydrogensyre)

Saltsyre er ei sterk, uorganisk syre med kjemisk formel HCl(aq). Ho består av hydrogenklorid (HCl) løyst i vatn (aq). Namnet saltsyre blir ofte òg brukt om hydrogenklorid, og det er vanleg å angi formelen HCl for saltsyre.

Saltsyre

Andre namnKlorhydrogensyre
Hydroklorsyre
Saltsyreløysning
Acidum salis
Acidum hydrochloricum
Acidum muriaticum
Kjemisk formelH2O:HCl
HCl(aq)
Atommasse54,47 atommasseeining
UtsjånadFargelaus og gjennomsiktig væske, lik vatn.
Smeltepunkt−30 grader celsius, −114,18 grader celsius
Kokepunkt−85 grader celsius
HovudfareEtsande stoff, jf. H290, H314, H335.
SI-einingar & STP er brukt om inkje anna er oppgjeve

Namnet kjem av at ein tidlegare framstilte syra ved å behandla vanleg salt, natriumklorid, med svovelsyre.

Bruk endre

Saltsyre vert ofte brukt for å regulera pH i løysningar, og i produksjon av organiske og uorganiske sambindingar. Ho er mykje brukt i industrien.

Ein 3:1-blanding av konsentrert saltsyre og konsentrert salpetersyre vert kalla kongevatn. Denne blandinga løyser opp både gull og platina. Saltsyre åleine løyser dei fleste andre metall, og er ein vanleg ingrediens i avkalkingsmiddel.

Fortynna saltsyre vert brukt i undervisning for å demonstrera eigenskapane til ei syre. Syra er og ein vanleg brukt reagens.

Syra vert brukt som surheitsregulerande middel i matvarer og har da E-nummer 507.

Biologisk rolle endre

Fortynna finst saltsyre i magesekken, i form av magesaft.

Andre sterke syrer endre

  Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.