Flussyre
hydrogenfluorid løyst i vatn
(Omdirigert frå Fluorhydrogensyre)
Flussyre er ei svak syre med kjemisk formel HF. Det er hydrogenfluorid oppløyst i vatn.[1] Flussyre dannar hydrogenbindingar. Sidan syra reagerer med glas må ho oppbevarast i plastemballasje.
Flussyre | |||
| |||
| |||
Andre namn | Hydrogenfluorid | ||
---|---|---|---|
Kjemisk formel | HF | ||
Atommasse | 20,006228252 atommasseeining | ||
Utsjånad | Fargelaus gass | ||
Eigenskapar | |||
Smeltepunkt | -83 °C | ||
Kokepunkt | 19,5 °C | ||
Smiles-notasjon | F | ||
CAS-nummer | 7664-39-3 | ||
SI-einingar & STP er brukt om inkje anna er oppgjeve |
Syra er etsande sjølv i små konsentrasjonar. Dessutan kan fluoridionet trenga inn i hud og binda seg til kalsium. Får ein flussyre på huda kan det gjera skade etter fleire timar.
Produksjon
endreMineralet fluorspar (kalsiumfluorid CaF2) og svovelsyre vert brukt til å produsera flussyre etter likninga:
CaF2 + H2SO4 -> 2HF + CaSO4
Bruk
endreFlussyre løyser oksid godt. Derfor kan syra brukast til å reinsa metall som uran og aluminium. Ho vert òg brukt til å etsa glas og som råstoff i produksjon av sambindingar som inneheld fluorid.
Kjelder
endre- ↑ «flussyre» i Store norske leksikon, snl.no.