Hyen kyrkje
kyrkje i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane
Hyen kyrkje står i bygda Hyen i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1876. Ho er ført opp etter teikningar laga av kunstmålaren Karl Uchermann, som var son til soknepresten i Gloppen.
Hyen kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Nordfjord | ||
Sokn | Hyen | ||
Fellesråd | Gloppen | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Karl Uchermann[1] | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 14. juni 1876[1] | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 300[1] | ||
Hyen kyrkje 61°44′22″N 5°55′06″E / 61.7394°N 5.9183°E | |||
Wikimedia Commons: Hyen kirke |
Kyrkja er soknekyrkje i Hyen sokn i Nordfjord prosti. Soknet vart skild ut frå Vereide sokn i 1881.
Den noverande kyrkja er den andre kjende i Hyen. Den fyrste kjenner ein til frå 1200-talet, men ho verkar ha gått or bruk i tida etter Svartedauden.
Sjå òg
endreKjelder
endreFotnotar
endreBakgrunnsstoff
endre- Margrethe Henden Aaraas, Torkjell Djupedal, Sigurd Vengen og Finn Borgen Førsund (2000). På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane 1. Nordfjord og Sunnfjord. Førde: Selja forlag. s. 175–177. ISBN 82-91722-13-7.
- Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Hyen kyrkje,». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 323. ISBN 82-75-27022-7.
- Kyrkjesøk
- Om Hyen kyrkje på nettstaden til Den norske kyrkja
- Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket
- Oversyn over gravminnne i Gloppen kommune på nettstaden disnorge.no
- Hyen kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren