Hyères

(Omdirigert frå Hyeres)

Hyères (oksitansk: Ieras eller Iero) er ein by og kommune søraust i Frankrike, i departementet Var, om lag 15 km aust for Toulon. Byen har rundt 55 000 innbyggjarar.

Hyères
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Provence-Alpes-Côte d'Azur
Var
Geografi
Flatevidd 132,38 km²
Flatevidd
 - By

132,38 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

52 500
  397/km²
Koordinatar 43°7′N 6°7′E / 43.117°N 6.117°E / 43.117; 6.117
Høgd over havet 16 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.ville-hyeres.fr

Historie

endre

Byen Olbia vart grunnlagd av fønikarar300-talet fvt., og vart nemnd av geografen Strabo. Ein har funne spor av greske og romerske fortidsminne i området. Dei første skriftlege kjeldene om Hyères går tilbake til 963, og var opphavleg ein del av eigedomane til vicomten av Marseille. Seinare gjekk byen til Karl av Anjou. St. Louis kom i land ved Hyères i 1254 då han kom tilbake frå Krosstoga.

Geografi

endre

Byen ligg ved kysten av Middelhavet, og er ein populær ferieby. Her vert det mellom anna dyrka palmer, og om lag 100 000 tre vert eksportert kvart år.

Dei tre øyane Îles d'Hyères (Porquerolles, Port-Cros og Île du Levant) ligg like utanfor kysten.

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hyères