Île du Levant, stundom berre kalla Le Levant, er ei øy i Middelhavet utanfor kysten av Den franske riveraen, nær Toulon. Ho er ei av tre øyar i øygruppa Îles d'Hyères i Frankrike. Øya er 8 km lang, 2 km brei, og ligg i Golfe du Lion. Om lag 90 % av øya høyrer til det franske militæret, der dei har eit testsenter for missilar (Centre d'Essais de Lancement de Missiles). Frå her har dei sendt opp svært mange forskings- og testrakettar sidan staden vart oppretta i 1948. Det meste av øya er derfor ikkje tilgjengeleg for allmennheita.

Île du Levant
Geografi
Stad Middelhavet
Koordinatar 43°03′N 6°28′E
Øygruppe Îles d'Hyères

Administrasjon
Land Frankrike
Departement Var
Største busetnad Héliopolis

På 1400-talet levde munkar på øya, og ruinane etter klosteret deira ligg her framleis.

I 1931 oppretta legane Gaston og André Durville Héliopolis, den første busetnaden i Europa som var tileigna naturisme. Byen vart bygd i åssida og er dominert av Fort Napoleon. Bain de Diane og Plage des Grottes er to nudiststrender reservert for naturistar. Bortsett frå Héliopolis, ligg naturreservatet Domaine des Arbousiers på øya.

Det går båtruter til øya frå Hyères og Le Lavandou.

Forfattaren Robert A. Heinlein skreiv begeistra om øya i romanen Glory Road.

Bakgrunnsstoff endre