Hyllestadfjorden er ein fjordarm til Åfjorden i Hyllestad kommune i Vestland. Fjorden har ei lengd på om lag 4 km og strekkjer seg søraustover og inn til sjølve Hyllestad.

Hyllestadfjorden
Lifjell ved Hyllestadfjorden
Foto: Egil Husabø
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Hyllestad
Kart
Hyllestadfjorden
61°10′33″N 5°16′17″E / 61.17583333°N 5.27138889°E / 61.17583333; 5.27138889

Fjorden har innløp mellom Lauvholmane i vest og Katlenest i aust. På andre sida av Katleneset byrjar Sørefjorden som går parallelt med Hyllestadfjorden. Heile fjorden ligg på sørsida av Katlenova, som skil dei to fjordane. Fv62 går på sørsida av fjorden.