Sørefjorden i Hyllestad
Sørefjorden er ein fjordarm av Åfjorden i Hyllestad kommune i Vestland. Han ligg på nordaustsida av Katlenova i nærleiken av sjølve tettstaden Hyllestad og har ei lengd på 2,5 km.
Sørefjorden | |||
Frå Sørefjorden
Foto: Egil Husabø | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Hyllestad | ||
Del av | Åfjorden i Sogn og Fjordane | ||
Sørefjorden i Hyllestad 61°11′13″N 5°18′16″E / 61.186944444444°N 5.3044444444444°E | |||
Wikimedia Commons: Sørefjorden |
Fjorden har innløp mellom Katleneset i sørvest og grenda Leirpollen. På andre sida av Katleneset startar Hyllestadfjorden, som går parallelt til Sørefjorden. Av gardsbruk langs fjorden finn ein Rønset, Berge og Sæsol. Fylkesveg 607 (tidlegare Riksveg 607) går langs botn og nordsida av fjorden.