Opna hovudmenyen

Hyllestad kommune

kommune i Sogn og Fjordane

Koordinatar: 61°10′N 5°18′E

Hyllestad kommune
kommune
Hyllestad sentrum.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Adm.senter Hyllestad
Areal 259 km²
 - land 248 km²
 - vatn 11 km²
Folketal 1 378 (1. januar 2018)
Folketettleik 6 / km²
Målform nynorsk
Ordførar Morten Askvik (Sp)
Kommunenr. 1413
NO 1413 Hyllestad.svg
Wikimedia Commons: Hyllestad
Nettstad: www.hyllestad.kommune.no
Kommunehuset og Norsk kvernsteinsenter
Kvernsteinsparken i Hyllestad

Hyllestad er ein kommune i Sogn og Fjordane fylke.

Hyllestad ligg innom Solund kommune på nordsida av Sognefjorden.

KjennemerkeEndra

Hyllestad har den siste tida vorte kjent for kvernsteinproduksjon, ein industri som var i drift i nesten 1000 år. Kvernsteinsproduksjonen vert for tida granska av folk frå Universitetet i Bergen.

Lihesten, eit landemerke på vestlandskysten er det høgaste fjellet i kommunen

NæringslivEndra

Industri, landbruk og sjøbruk har vore grunnlag for størsteparten av sysselsetjinga i Hyllestad. Hjørnesteinsverksemda er båtverftet Havyard Leirvik.

KommunesogeEndra

Hyllestad kommune vart skipa den 1. juli 1861 ved at Hyllestad og Øn sokn vart skilde ut frå Askvoll kommune og slegne saman med sokn frå Lavik kommune.[1] Ved skipinga budde det 2475 personar i Hyllestad kommune.[2] I 1888 vart garden Krakken med 17 innbyggjarar overført frå Hyllestad kommune til Solund kommune.[3]

FolketalsutviklingEndra

Folketalsutvikling for Hyllestad kommune frå 1920:

1.12.1920[4] 1.12.1930[5] 3.12.1946[5] 1.1.1951[6] 1.1.1961[6] 1.1.1971[6] 1.1.1981[6] 1.1.1991[6] 1.1.2001[6] 1.1.2010[6]
2278 2148 2234 2151 1946 1800 1788 1722 1558 1502

Hyllestad sokn og prestegjeldEndra

 
Hyllestad kyrkje
Foto: Egil Husabø

Hyllestad er eit kyrkjesokn i Sunnfjord prosti, og det var til 2004 eit prestegjeld. Prestetenesta i Hyllestad vert no leia av prosten i Sunnfjord prosti,[7] og prestegjeldet er nedlagt. Prestegjeldet vart danna i 1861 av sokna Hyllestad og Øn som vart overførte frå Askvoll prestegjeld og som vart overført frå Lavik prestegjeld.[8] Fram til 2001 var det tre sokn i Hyllestad prestegjeld, Bø sokn, Hyllestad sokn og Øn sokn, men då vart dei tre slegne saman til eitt felles Hyllestad sokn.[9] Det er tre kyrkjer i soknet; Bø kyrkje frå 1868 på ved Bøfjorden, Hyllestad kyrkje frå 1880 i Hyllestad ved Hyllestadfjorden og Øn kyrkje frå 1958 på Sørbøvåg på nordsida av Åfjorden.

Arkiv frå Hyllestad kommuneEndra

Kommunale arkiv. Henta frå Arkivportalen.no

Privatarkiv. Henta frå Arkivportalen.no

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Denne geografiartikkelen som har med Sogn og Fjordane å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.