Hymne til Sovjetunionen
«Hymne til Sovjetunionen», også kalla «Stalin-hymnen» (russisk Гимн Советского Союза, Gimn Sovetskogo Soyuza), var nasjonalsong i Sovjetunionen frå 14. mars 1944 fram til Sovjetunionen fall i 1991. Songen erstatta Internasjonalen som sovjetisk nasjonalsong. Teksten blei skriven av Sergej Mikhalkov saman med Gabriel El-Registan og melodien blei komponert av Aleksandr Aleksandrov.
Melodien har alltid vore den same, men sjølve teksten er blitt endra av Mikhalkov tre gonger gjennom ein sekstiårsperiode, mellom anna blei referansar til Stalin tekne ut i 1977. Songen fanst også i omsetjing til andre språk brukt i unionen. Etter at Sovjetunionen fall blei melodien teken i bruk, med ny tekst av Mikhalkov, til «Hymne til den russiske føderasjonen» i 2000. Dette er i dag nasjonalsongen til Russland.
«Hymne til Sovjetunionen» er forboden i nokre land som tidlegare høyrde til Sovjetunionen, mellom anna Litauen (frå 2008).[1]
1977-versjonen av teksten
endreRussisk | Transkripsjon |
1.
2.
3.
|
1.
2.
3.
PRIPEV |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hymne til Sovjetunionen» frå Wikipedia på bokmål, den 21. august 2013.
- Fotnotar
Bakgrunnsstoff
endre- Russian Anthems Museum Arkivert 2013-10-13 ved Wayback Machine.
- Russisk versjon ved sovmusic.ru
- Engelsk versjon ved sovmusic.ru