Hyperfinstruktur er ei samling av spektrallinjer som ligg særs nær kvarandre og som skuldast vekselverknad mellom det magnetiske feltet frå eit av elektrona til atomet og magnetfelta til kjernen. Når atomspektrum blir undersøkt med spektrometer med høg oppløysing, viser hyperfinstrukturen seg som ei oppsplitting av dei einskilde spektrallinjene. Hyperfinstrukturen kan òg undersøkjast ved elektronspinnresonansmetoden. Studiar av hyperfinstrukturen gjev opplysningar om spinnet til kjernen (rotasjonstilstand) og om ladningsfordelinga i kjernen.

KjelderEndra

hyperfinstruktur. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/hyperfinstruktur