Hypnose (frå gresk hypnos, 'søvn')[1] er ein tilstand som omfattar fokusert merksemd[2] på eitt eller nokre få mål, redusert medvit for omverda og forsterka kapasitet til å reagera på suggesjon.[3] Tilstanden kan også vera prega av mental avslapping, redusert vurdering, monitorering og sensurering, ei endring i opplevinga av tid og stad, og endra sjølvoppleving og ein kan oppleva eigne responsar som automatiske.[4]

Hypnose

Jean-Martin Charcot demonstrerer hypnose i Salpêtrière.
Klassifikasjonar og ressursar
MeSHD006990
MeSHD006990
«Hypnotisk seanse» av Richard Bergh, 1887

Hypnotisering (å driva ein person inn i ein hypnose) vert brukt i hypnoterapi. I Noreg la straffeloven av 1902 § 364, fram til 1. oktober 2015 ned forbod mot å praktisera det å hypnotisera for dei som ikkje var leger eller psykologar.[5] Straffeloven 2005 har ikkje noko slikt forbod.

Kjelder

endre
  1. «hypnose» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Hall, Harriet (2021). «Hypnosis revisited». Skeptical Inquirer 45 (2): 17–19. 
  3. In 2015, the American Psychological Association Division 30 defined hypnosis as a "state of consciousness involving focused attention and reduced peripheral awareness characterized by an enhanced capacity for response to suggestion". For critical commentary on this definition, see: Lynn SJ, Green JP, Kirsch I, Capafons A, Lilienfeld SO, Laurence JR, Montgomery GH (April 2015). «Grounding Hypnosis in Science: The "New" APA Division 30 Definition of Hypnosis as a Step Backward». The American Journal of Clinical Hypnosis 57 (4): 390–401. PMID 25928778. doi:10.1080/00029157.2015.1011472. 
  4. Shestopal, Irene; Rosén, Gunnar. «Om hypnose, hypnoterapi og behovet for en lovregulering». Tidsskrift for Norsk psykologforening (7/2013): 675–680. 
  5. «Almindelig borgerlig Straffelov». Norges Lover. Arkivert frå originalen 21. januar 2016. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Hypnose