I-Feel-Like-I'm-Fixin'-to-Die

I-Feel-Like-I'm-Fixin'-to-Die
Studioalbum av Country Joe and the Fish
Språk engelsk
Utgjeve November 1967
Innspelt Juli 1967 – september 1967
Studio Vanguard Studios, 71 West 23rd Street i New York City[1]
Sjanger Psykedelisk rock
Lengd 44:56
Selskap Vanguard VSD 79266
Produsent Samuel Charters
Country Joe and the Fish-kronologi 
Electric Music for the Mind and Body
(1967)
I-Feel-Like-I'm-Fixin'-to-Die Together
(1968)


I-Feel-Like-I'm-Fixin'-to-Die er det andre studioalbumet til det psykedeliske rockebandet Country Joe and the Fish frå San Francisco, utgjeve i 1967. Innspelinga fann stad i Vanguard studios i 71 West 23rd Street i New York City.[1] Tittelsporet er ein av dei mest populære protestsongane mot Vietnamkrigen frå 1960-åra og kom opphavleg ut på ein 7«-EP frå 1965 kalla Rag Baby: Songs of Opposition. På dette albumet kjem «I-Feel-Like-I'm-Fixin'-to-Die Rag» rett etter «The Fish Cheer», som vart ein standard på konsertane til Country Joe. På Woodstockfestivalen fekk bandet publikum til å rope F-U-C-K i staden for F-I-S-H. Ein annan song på albumet er «Janis», som vart skriven for den dåverande kjærasten til McDonald, Janis Joplin. Det er den andre songen skriven for ein kvinneleg musikar på eit av albuma deira, med »Grace« som den første på debutalbumet. Det kom ut to singlar etter albumet. Desse var «Janis»/«Janis (instrumental)» og «Who Am I»/«Thursday».[4]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[2]
Rolling Stone(positiv)[3]

Det andre albumet kom ut berre sju månader etter det første og er eit anna døme på dei psykedeliske eksperimenta deira. Det er igjen basert på orgel-tung psykedelia og orientalske melodilinjer og meir akustisk gitar enn på debutplata.[5] Bandet fortsette å byggje statusen sin ved å spele på lokale spelestader som The Fillmore.[6] Trass i at folk kjende til opningssporet, selde albumet mindre enn føregangaren. Heile albumet passar godt inn i det psykedeliske miljøet i San Francisco. Bandet brukte på effektivt vis satire til å uttrykkje sine frimodige tankar kring Vietnamkrigen og andre populære tema innan motkulturen. Sjølv om resten av songane ikkje var like populære, var dei likevel lyttarvenlege og synte fram Country Joe McDonald som solovokalist. Bandet byrja å turnere nasjonalt og fekk god omtale for konsertane sine.[7]

Tittelsporet vart omsider teken til retten av buet til jazztrombone-pioneren Edward «Kid» Ory frå New Orleans, der dottera Babette hevda at McDonald hadde stole melodien til songen sin frå Ory-klassikaren «Muskrat Ramble» slik han vart framført av Louis Armstrong & his Hot Five i 1926. Dommen vart at McDonald fekk halde på opphavsretten til songen sin, fordi Ory hadde venta 40 år med å kome med dette kravet.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Country Joe McDonald, utanom der andre er nemnde..

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«The Fish Cheer/I-Feel-Like-I'm-Fixin'-to-Die Rag»3:44
2.«Who Am I»4:05
3.«Pat's Song»5:26
4.«Rock Coast Blues»3:57
5.«Magoo»4:44
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Janis» 2:36
7.«Thought Dream» 6:39
8.«Thursday»Cohen, Hirsh3:20
9.«Eastern Jam»Bartol, Cohen, Hirsh, Melton4:27
10.«Colors for Susan» 5:58

Medverkande endre

Country Joe and the Fish

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Country Joe». countryjoe.com. Henta 9. juni 2019. 
  2. Allmusic review
  3. Vol 1. No. 3, 14. desember 1967, p. 19
  4. «Feel Like I'm Fixin' for a Comeback». independent.co.uk. Henta 9. juni 2019. 
  5. «I Feel Like I'm Fixin' to Die». acerecords.co.uk. Henta 9. juni 2019. 
  6. «Billboard Charts». billboard.com. Henta 9. juni 2019. 
  7. «I Feel Like I'm Fixin' to Die». therockasteria.com. Henta 9. juni 2019.