Motkultur er periferien sin motstand mot sentrale styremakter si maktpenetrering og kulturell standardisering gjennom stat- og nasjonsbygging, kjent frå modellen åt Stein Rokkan. I norsk samanheng heng dette saman med dei historiske motsetningane mellom embetsmannsstaten og venstrerørsla under kampen for innføring av parlamentarisme og kampen for unionsoppløysing og nasjonalt sjølvstende i andre halvdel av 1800-talet og fram til 1905.

Massebasisen for den breie venstrealliansen som kjempa gjennom demokratiet og den nasjonale frigjeringa, var bøndene. Som ledd i styrkinga av bondemassane sin sjølvtillit og sjølvrespekt, vart det reist motkulturar på det språklege, religiøse og alkoholpolitiske området. Desse motkulturane slo mest gjennom på Vestlandet, og motkulturane vart derfor delvis ei motsetning mellom aust og vest, særleg mellom hovudstaden og Vestlandet.

Det er likevel skilnader mellom motkulturane og kor dei slo gjennom. Fråhaldsrørsla var til dømes like sterk i mange byar som på bygdene, og bedehuskristendommen stod sterkare langs kysten mens nynorsken (og ungdomslaga) stod sterkast i fjordbygdene. Fråhald og bedehuskristendom stod også sterkt i delar av Austlandet, som Østfold fylke, ikkje berre i vest. Nynorsken slo gjennom ikkje berre i fjord-Noreg, men òg i fjell-Noreg, inkludert dei indre dalstrøka austafjells.

Nynorsken og målrørsla utfordra embetsmennene sitt danske mål, lekmannsrørsla utfordra embetsmennene (prestane) sitt forkynningsmonopol, og fråhaldsrørsla utfordra embetsmennene sin alkohol-kultur. Alle desse motkulturane slo sterkast gjennom i vest.

Partiet Venstre hadde bakgrunnen sin i motkulturane. Samanliknar ein den geografiske fordelinga av røyster mellom høgre- og venstresida ved det avgjerande stortingsvalet i 1882 med fordelinga av røyster mellom ja og nei til EF/EU i 1972 og 1994, ser ein klare parallellar som tyder på at desse motkulturane framleis har noko å seie i Noreg.

I vidare tyding er motkultur òg bruka om alle slag motstraumskulturar eller subkulturar, som ulikt dei eigentlege motkulturane er meir ei motesak (som punk og hippiar), eller eit personleg spørsmål (som homofili), og mindre eit historisk rotfest motstand mot ei definert sentral kulturmakt.

Sjå òg endre