Electric Music for the Mind and Body

Electric Music for the Mind and Body
Studioalbum av Country Joe and the Fish
Språk engelsk
Utgjeve 11. mai 1967
Innspelt Februar 1967
Studio Sierra Sound Laboratories i Berkeley i California
Sjanger Psykedelisk rock, acidrock, bluesrock
Lengd 43:30
Selskap Vanguard VSD-79244
Produsent Samuel Charters
Country Joe and the Fish-kronologi 
Electric Music for the Mind and Body I-Feel-Like-I'm-Fixin'-to-Die
(1967)


Electric Music for the Mind and Body er debutalbumet til Country Joe and the Fish. Det kom ut i mai 1967 på Vanguard og var ei av dei første psykedeliske albuma som kom ut frå San Francisco.

Songar frå albumet, særskild «Section 43», «Grace» og «Not So Sweet Martha Lorraine» vart spelte på progressive FM-stasjonar som KSAN og KMPX i San Francisco, ofte etter kvarandre. Ein versjon av songen «Love» vart framført på Woodstockfestivalen i 1969.

«Grace» er ei hyllest til Jefferson Airplane-songaren Grace Slick.[1]

Innspeling endre

Albumet vart spelt inn den første veka av februar 1967 i Sierra Sound Laboratories i Berkeley i California av Robert DeSouza, med Samuel Charters som produsent. Fordi dei originale masterlydbanda vart blitt dårlege, vart albuma miksa på ny i 1982 og denne miksen vart nytta for den originale CD-utgjevinga i 1990. I 2013 vart ei ny, dobbel luksusutgåve gjeven ut med både den originale mono- og stereomiksen.

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [2]

Bruce Eder skreiv i ei melding for AllMusic at albumet var «ei av dei viktigaste og mest varige dokumenteringane av den psykedeliske tida». Albumet var inkludert i boka til Robert Dimery kalla 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[3]

Innhald endre

Alle songar av Country Joe McDonald, utanom der andre er nemnde

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Flying High»2:38
2.«Not So Sweet Martha Lorraine»4:21
3.«Death Sound Blues»4:23
4.«Happiness Is a Porpoise Mouth»2:48
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Section 43» 7:23
6.«Superbird» 2:04
7.«Sad and Lonely Times» 2:23
8.«Love»Joe McDonald, Barry Melton, David Cohen, Bruce Barthol, John Francis Gunning, Gary Hirsh2:19
9.«Bass Strings» 4:58
10.«The Masked Marauder» 3:10
11.«Grace» 7:03

Medverkande endre

Country Joe and the Fish
Teknisk

Kjelder endre

  1. http://www.hit-channel.com/interviewcountry-joe-mcdonald-country-joe-and-the-fishsolo/76300
  2. Bruce Eder. «Electric Music for the Mind and Body - Country Joe & the Fish». Allmusic. Henta 29. november 2005. 
  3. ^ Robert Dimery; Michael Lydon (23. mars 2010). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. ISBN 978-0-7893-2074-2.