INXS (akronym for 'in excess') var eit australsk rockeband skipa i 1977 av Michael Hutchence, Andrew Farriss, Garry Beers og Kirk Pengilly.

INXS

Aktiv1977–2012
Sjangeralternativ rock, new wave, rock
PlateselskapAtco Records, Atlantic Records
PrisarCASBY Award

Historie

endre

INXS utvikla sin heilt eigen ljod, og hermed kjenneteiknet deira, ved å sameina element frå 60-talsrock, dance og heavy metal.[1] Bandet vart populære med albumet Kick, særskild med hitlåten «Need You Tonight».[2] Andre kjende låtar inkluderer «Never Tear Us Apart», «New Sensation», «Suicide Blonde», «Elegently Wasted», «Beautiful Girl» og «By My Side».

Michael Hutchence fekk store problem både i privatlivet og profesjonelt mellom anna på grunn av alkohol- og rusmisbruk. I ein alder av 37 år gamal vart Michael Hutchence funnen daud på Ritz Carlton Hotel i Sydney.[3] Dødsårsaka til Hutchence var sett til å vera sjølvmord.[4] I etterkant av dette heldt dei resterande bandmedlemene i INXS ein lågare profil. INXS la offisielt opp i 2012.[5]

Medlemer

endre
  • Michael Hutchence – vokal
  • Andrew Farriss – keyboard
  • Jon Farriss – trommer
  • Tim Farriss – gitar
  • Garry Gary Beers – bass
  • Kirk Pengilly – gitar og saksofon[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «INXS | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), henta 9. januar 2023 
  2. Sias, Van; Sias, Van (19. oktober 2017), «INXS' 'Kick': 10 Things You Didn't Know», Rolling Stone (på engelsk), henta 9. januar 2023 
  3. «INXS», www.inxs.com (på engelsk), henta 9. januar 2023 
  4. «'We miss him terribly': 25 years since Michael Hutchence died», The Canberra Times (på engelsk), 22. november 2022, henta 9. januar 2023 
  5. Bergan, J.V. (27. desember 2019). «INXS». Store norske leksikon. Henta 10. januar 2023.