iPhone 4 er ein smarttelefon som var utvikla og marknadsført av Apple Inc. Han er den fjerde generasjonen iPhone,[1] oppfølgjaren til iPhone 3GS og forgjengaren til iPhone 4S. Telefonen vart annonsert 7. juni 2010 under Worldwide Developers Conference i San Francisco og utgjeven 24. juni 2010 i USA, Storbritannia, Frankrike, Tyskland og Japan. iPhone 4 introduserte ein ny design til iPhone-serien, som den administrerande direktøren i Apple, Steve Jobs, hevda var den tynnaste smarttelefonen i verda på den tida. Telefonen bestod av ei innfatning i rustfritt stål som fungerte som antenne, med dei internekomponentane lokalisert mellom to panel av glas i aluminiumsilikat.[2]

IPhone 4

iPhone 4 i svart
ProdusentApple
Lansert24. juni 2010; 13 år sidan (2010-06-24)
OperativsystemiOS
Minne512 MB LPDDR-DRAM
Lagring8, 16 eller 32 GB
Batteri3,7 V, 5,3 W·h (1420 mA·h)
Lithium-ion-batteri
StorleikHøgd: 115,2 mm
Breidd: 58,6 mm
Djupn: 9,3 mm
Vekt137 g

iPhone 4 introduserte skjermen «Retina Display» med ein pikseltettleik på 326 pikslar per tomme, medan han vidareførte storleiken og skjermtilhøvet frå forgjengarane, Apple A4-prosessoren og iOS 4, som la til multitasking og FaceTime for videosamtalar. Han var den første iPhonen med eit kamera på framsida.

Kjelder endre

  1. Pachal, Peter (8. oktober 2011). «Remembering Steve Jobs: His Best Keynote Moments». PC Magazine (Ziff Davis). Arkivert frå originalen 30. mars 2012. Henta 8. oktober 2011. 
  2. Diaz, Jesus (7. juni 2010). «iPhone 4: The Definitive Guide». Gizmodo. Henta 19. juni 2010. 

Bakgrunnsstoff endre

  Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.