iPhone 4S er ein smarttelefon som var utvikla og marknadsført av Apple Inc. Han er den femte generasjonen iPhone,[1] oppfølgjaren til iPhone 4 og forgjengaren til iPhone 5. Telefonen vart annonsert 4. oktober 2011 ved Cupertino campus og var det siste Apple-produktet som var annonsert i levetida til Apple-grunnleggjar og administrerande direktør Steve Jobs, som døydde dagen etter.[2]

IPhone 4S

iPhone 4S i svart
ProdusentApple
Lansert14. oktober 2011; 12 år sidan (2011-10-14)
OperativsystemiOS
Minne512 MB DDR2-RAM
Lagring8, 16, 32 eller 64 GB
Batteri3,7 V, 5,3 W·h (~1430 mA·h)
Lithium-ion-batteri
StorleikHøgd: 115,2 mm
Breidd: 58,6 mm
Djupn: 9,3 mm
Vekt140 g

Denne iPhone-modellen var kalla «4S» der S-en stod for Siri,[a] ein iPhone 4S-eksklusiv personleg assistent som seinare vart inkludert i framtidige generasjonar av mobile Apple-produkt. Telefonen vidarefører det meste av den ytre designen til iPhone 4, men har interne oppgraderingar som Apple A5-prosessoren og eit kamera på åtte megapikslar som kan filma i 1080p-oppløysning. iPhone 4S debuterte med iOS 5, den femte hovudversjonen av iOS, det mobile operativsystemet til Apple, som introduserte funksjonar som iCloud, iMessage, Notification Center, Reminders og integrasjon av Twitter.

Merknader

endre
  1. Apple CEO Tim Cook stadfesta at S-en stod for Siri under ei spørjeøkt under D10-konferansen i mai 2012.[3][4]

Kjelder

endre
  1. Pachal, Peter (8. oktober 2011). «Remembering Steve Jobs: His Best Keynote Moments». PC Magazine (Ziff Davis). Arkivert frå originalen 30. mars 2012. Henta 8. oktober 2011. 
  2. Ziegler, Chris (4. oktober 2011). «iPhone 4S announced, available October 14th starting at $199». The Verge (Vox Media). Henta 6. august 2015. 
  3. Tim Cook Explains How Apple Names Its Products, iPhone 4S Stands For "Siri"
  4. Tim Cook Confirms That The ‘S’ In iPhone 4S Stands For Siri

Bakgrunnsstoff

endre
  Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.