ISM-koden, ISM-norma, eller ISM-forskrifta[note 1] (engelsk: International Management Code for the Safe Operation of Ships and for Pollution Prevention, ISM-Code) er eit regelverk vedteke gjennom Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen (IMO) som set overordna rammer for sikker drift av skip. Dei fleste fartøy med bruttotonnasje på 500 tonn eller meir må følgja ISM-koden ved å ha eit tryggleiksstyringssystem og eit gyldig tryggleiksstyringssertifikat. Statsskip (til dømes krigsskip) som ikkje er i kommersiell fart er ikkje omfatta av ISM-koden.

Den britiske RO-RO-ferja «Herald of Free Enterprise» som på grunn av det tragiske forliset i 1987 bidrog til skipinga av ISM-koden

Bakgrunn endre

 
Brannen om bord på MS «Scandinavian Star» i 1990 var éin av fleire store ulukker til sjøs som leidde fram til ISM-koden
Foto: Terje Fredh / Sjöhistoriska museet

Dei tidlegaste formene for regulering av uhell innan skipsfarten bestod i å finna nokon å leggja skulda på etter det hadde skjedd. Dette førte til ein straffekultur, der det ofte var dei siste leddet i ein lang årsakskjede som vart straffa. Prinsippet var at trusselen om straff ville bidra til å endra rutinar, slik at tryggleik vart høgare prioritert. Neste steg, utvikla i løpet av 1900-talet, var etablering av ei rekkje sett med regler (SOLAS, MARPOL og STCW-konvensjonen). Dette nivået var eit framsteg, fordi det retta seg mot å utbetra kjende svake punkt, før dei førte til ulukker. Resultatet var dagens kultur der ein følgjer eksterne regler.

Ei rekkje alvorlege ulukker innan skipsfarten i 1980-åra (som «Exxon Valdez»-forliset) viste at etterleving av regler ikkje alltid var nok for å unngå uhell og førebyggja forureining. Sjølv om eksterne regler framleis vart verdsett som viktig, var ikkje det tilfredsstillande.

Det neste steget vart difor å etablere ein kultur der ein regulerer seg sjølv. Sjølvregulering aleine er derimot ikkje nok; for å oppnå sikker skipsfart og verne miljøet mot forureining må alle tre framgangsmåtar (straff, eksterne regler og sjølvregulering) nyttast.

Seier venter den, som har alt i orden – hell kaller man det. Nederlag er en absolutt følge for den, som har forsømt å ta de nødvendige forholdsregler i tide – uhell kalles det

Etter eit møte i IMO i oktober 1989 og etter påfølgjande arbeid vedtok IMO i 1993 ISM-koden, eller International Management Code for the Safe Operation of Ships and for Pollution Prevention, som er det fulle engelske namnet. ISM-koden er òg ein del av SOLAS, nærare bestemt kapittel IX.[1] I 1998 vart ISM-koden obligatorisk for eit fleirtal av større skip i internasjonal fart.[2] I motsetnad til anna regelverk frå IMO er ISM-koden svært generell, og tilnærma utan detaljar, utfyllande avgjerder finst i andre internasjonale maritime konvensjonar.[3]

Oversyn over ISM-koden endre

Kva slags fartøy som vert dekt endre

Fiskefartøy med bruttotonnasje 500 tonn eller meir, passasjerskip og lasteskip (tankskip, bulkskip og andre lasteskip), offshoreskip med bruttotonnasje 500 eller meir.[4][5] Statsskip (til dømes krigsskip) som ikkje er i kommersiell fart er ikkje omfatta av ISM-koden, men slike vil ofte likevel etablera tilsvarande tryggleiksstyringssystem.[6][7]

Sentrale omgrep endre

  • Styresmakt (engelsk: administration): Regjeringa i den staten viss flagg skipet har rett til å segla under.
  • Selskap (engelsk: company): Eigaren på skipet, eller kvar og ein annan organisasjon eller person, t.d. reiar eller totalbefrakter, som har overteke ansvaret for drifta av skipet frå eigaren, og som ved overtaking av ansvaret har samtykket i å overta alle plikter og alt ansvar som norma pålegg.
  • Utpeikt person (engelsk: designated person, DP): Vedkomande person på land som har direkte tilgjenge til leiinga i selskapet og som har ansvar for å overvaka tryggleik og forhindra forureining, og sørgja at for naudsynt ressursar og støtte vert gjeve.
  • Godkjenningsbevis (engelsk: document of compliance, DOC): Eit bevis utskrive til eit selskap som overheld krava i denne norma.
  • Tryggleiksstyringssertifikat (engelsk: safety management certificate, SMC): Eit dokument utskrive til eit skip, som vitnar om at selskapet og leiinga om bord driv skipet i samsvar med det godkjende tryggleiksstyringssystemet.
  • Tryggleiksstyringssystem (engelsk: safety management system, SMS): Eit strukturert og dokumentert system som set personellet til selskapet i stand til effektivt å gjennomføra politikken til selskapet for tryggleik og miljøvern.
  • Avvik (engelsk: near miss): Ein observert situasjon der det finst objektive bevis for at eit bestemt krav ikkje er oppfylt.[8]

Tryggleiksstyringssystem endre

ISM-koden er særleg retta inn mot leiinga i reiarlag og driftsorganisasjonar og angjev normer for god leiing for drift av skip.[9] Essensen av ISM-koden er å fremja ein kultur med kontinuerleg forbetring og utrydda vanemessig sløvskap, der målet er ingen ulukker eller forureining.[10] Ein sentral del av ISM-koden er krava til at selskap skal utvikla og ta i bruk eit tryggleiksstyringssystem (SMS). Det vert rådt til at selskap ikkje kjøper ferdig utvikla SMS, men utviklar dei sjølv, ved hjelp av eigne tilsette om bord og i land. Det sjåast på at dette vil gje eigarskap til SMS, og medverka til at tilsette får eit engasjement i å følgja det opp.[11]

Eit godt SMS lèt selskapet mæla drift, og viser område der tryggleiken kan forbetrast. SMS skal i samsvar med ISM-koden vert dokumentert både om bord på fartøya og i land hos selskapet, og gjennomgå jamlege revisjonar (kontrollar), både av interne- og eksterne revisorar. Om selskapet feilar i oppfølging av SMS kan sertifisering for eit enkelt skip (tryggleiksstyringssertifikat), eller heile selskapet (godkjenningsbevis), inndragast. Røynsle viser at selskap som har eit fungerande SMS opplever ein reduksjon i ulukker og utslepp. Eit godt utvikla og heldt ved like SMS vil etablera fleire barrièrar som hindrar ulukker. Slike barrierar er: utforming og vedlikehald av skip og utstyr, rekruttering og utdanning av tilsette om bord og i land, standard framgangsmåtar for ulike arbeidsoperasjonar og overvaking av at dei vert følgt, ein tryggleikskultur, og tilgjenge og korrekt bruk av personleg tryggleiksutstyr.[11]

Uønska hendingar og avvik endre

Det er vidare eit krav i ISM-koden at det er utarbeidd planar for ulike uønska hendingar, både av selskapet og av det enkelte fartøy. For skipet omfattar det blant anna problem med maskineri, kollisjon, grunnstøytning, brann, forureining og terrorisme. For organisasjonen på land er det blant anna snakk om etablering av krisestab, oversyn over besetningar og utstyr, rutinar for varsling og kontakt med pårørande.[12]

Både ved ulukker, hendingar som kunne ført til ulukker, og andre hendingar og rutinar som ikkje er i samsvar med ISM-koden er det eit krav at dei vert rapportert i eit system for avvik. Slike rapportar skal handsamast av leiinga både om bord og i land så korrigerande tiltak kan gjennomførast.[13] Selskapet er pålagt å sørgja for at vedlikehaldet til fartøya vert gjort og vert opp følgt systematisk, dette skal verta fortløpande dokumentert og eventuelle avvik frå prosedyrar skal rapporterast.[14]

Fotnotar endre

  1. Fullstendig offisielt norsk namn er Den internasjonale norm for sikkerhetsstyring, sjå «Forskrift om sikkerhetsstyringssystem for norske skip og flyttbare innretninger» i Lovdata

Kjelder endre

  1. Kopperud 1999, s. 10
  2. «International Safety Management (ISM) Code». Government of Canada. Henta 8. februar 2020. «In 1998, the ISM Code became mandatory for three types of vessels, regardless of the date of construction: Passenger ships including passenger high-speed craft on international voyages, not later than July 1, 1998. Oil tankers, chemical tankers, gas carriers, bulk carriers and cargo high-speed craft of 500 gross tonnage and upwards on international voyages, not later than July 1, 1998. Other cargo ships and mobile offshore drilling units of 500 gross tonnage and upwards on international voyages, not later than July 1, 2002.» 
  3. Guidelines 2019, s. 15
  4. «Ny forskrift om sikkerhetsstyringssystem». Sjøfartsdirektoratet. 5. september 2014. Henta 11. februar 2020. «Den nye forskriften bestemmer at fiskefartøy med bruttotonnasje 500 eller mer skal ha et sertifisert sikkerhetssystem.» 
  5. SOLAS Consolidated edition 2014. London: IMO. 2014. s. 353. ISBN 978-92-801-1594-9. 
  6. «ISM: International safety code begins for MSC ships». U.S. Navy. 2004. Arkivert frå originalen 28. juni 2020. Henta 11. februar 2020. «Irish eyes were smiling on St. Patrick's Day, March 17 at Military Sealift Command Headquarters in Washington, D.C., as MSC Vice Commander Rear Adm. Deborah A. Loewer, USN, signed the first documents establishing MSC's compliance with the International Safety Management code, an international standard for the safe management and operation of ships. The adoption of the ISM code relieves MSC ships from many U.S. Coast Guard inspections.» 
  7. «US oceanographic research vessels and the International Safety Management Code (ISM)». IEEE. 6. august 2002. Henta 11. februar 2020. 
  8. Guidelines 2019, s. 7, 91–92
  9. Kopperud 1999, s. 6
  10. Guidelines 2019, s. 18
  11. 11,0 11,1 Guidelines 2019, s. 11
  12. Guidelines 2019, s. 34–38
  13. Guidelines 2019, s. 39–40, 91–92
  14. Guidelines 2019, s. 40–42

Norsk endre

Engelsk endre

  • ISM Code, 2014 edition. IMO, London
  • Guidelines on the Application of the IMO International Safety Management (ISM) Code, 2019, Marisec Publications ISBN 978-1-9162322-0-4

Bakgrunnsstoff endre