I (Who Have Nothing)

song
I (Who Have Nothing)
Singel av Ben E. King
Utgjeve 1963
Innspelt 1963
Sjanger Pop
Lengd 2:25
Selskap Atco Records
Komponist Carlo Donida
Tekstforfattar Mogol
Låtskrivar(ar) Carlo Donida, Mogol, Jerry Leiber, Mike Stoller

«I (Who Have Nothing)» (stundom kalla «I Who Have Nothing») er ein song opphavleg gjeve ut på engelsk av Ben E. King i 1963.

«I (Who Have Nothing)» er basert på den italienske songen «Uno Dei Tanti» («Ein av mange»), med musikk av Carlo Donida og tekst av Giulio «Mogol» Rapetti.[1] «Uno Dei Tanti» vart gjeven ut av Joe Sentieri i 1961. Den engelske teksten for «I (Who Have Nothing)» vart skriven av Jerry Leiber og Mike Stoller, som òg produserte Ben E. King-innspelinga ved hjelp av akkompagnementet frå innspelinga til Joe Sentieri med orkesteret diriger av Luis Enriquez Bacalov.

Songen vart nytta i revyen Smokey Joe's Cafe.

Versjonar

endre

Ben E. King-versjonen vart gjeven ut i 1963 og nådde 29. plass på den amerikanske singellista. Andre versjonar som gjekk inn på Billboard-lista vart laga av Terry Knight and the Pack i 1966 (46. plass), av Liquid Smoke i 1970 (82. plass), av Warhorse i 1972 og av Sylvester i 1979 (40. plass). Den mest populære versjonen i USA vart gjort av Tom Jones, som klatra til 14. plass i 1970.

Shirley Bassey gav ut songen (produsert av George Martin) i september 1963, og denn nådde sjetteplassen i Storbritannia. Ho har spelt songen på nesten alle konsertane sine sidan, og finst på mange av samlealbuma hennar, mellom anna I Am What I Am med London Symphony Orchestra, og albumet La Mujer i 1989 der ho syng han på spansk («Hoy No Tengo Nada»). Ho har òg vore særs viktig i å gjere musikken til Donida kjend for resten av verda gjennom tolkingane sine frå dei italienske versjonane.[2][3]

Andre versjonar av «I (Who Have Nothing)» er spelt inn av Petula Clark, Al Kooper, The Spectres, som seinare vart Status Quo, Roberta Flack & Donny Hathaway, Jedi Mind Tricks, Hodges, James & Smith, Luther Vandross & Martha Wash, Liza Minnelli, Brook Benton, Neil Diamond, Joe Cocker, Normie Rowe, Katherine Jenkins, Ijahman Levi, Linda Jones, Little Milton, Bob Guillaume, Midnight Blue, Manfred Mann's Earth Band, Dee Dee Warwick, Sam Sorono, Ukulele Orchestra of Great Britain, og Vassilikos frå Raining Pleasure. I januar 2012 gav Gladys Knight ut ein dance-remix-EP med versjonen hennar av songen.

Ein gresk versjon vart innspelt av Marinella, kalla «Agapi (Love)» på albumet hennar I Marinella Tragouda Megales Kyries i 1992.[4]

Nyare tolking har blitt gjort av American Idol-vinnaren Jordin Sparks, Nikki Kerkhof, vinnaren av Idols 4, den nederlandske versjonen av Idol. Ei studioinnspeling av versjonen til Jordine Sparks nådde 74. plass på Billboard Hot 100 etter ho vann konkurransen.

Kerry Ellis framførte songen med Brian May i 2012 på Samremo Music Festival. Paret har sidan spelt songen inn. Den franske rockeartisten Johnny Hallyday song òg songen i ein duett med Amy Keys i 2012 på turneen hans.

Norsk versjon

endre

C.C. Bøyesen har skrive ein norsk tekst og på norsk heiter songen «Jeg». Denne vart spelt inn av Karin Krog og gjeve ut på singel (Triola TN-465) i 1967.

Kjelder

endre
  1. «Second Hand Songs - Song:Uno dei tanti - Joe Sentieri». Arkivert frå originalen 14. januar 2007. Henta 9. september 2013. 
  2. «The Songs of Shirley Bassey: Song Info». Arkivert frå originalen 28. mars 2007. Henta 9. september 2013. 
  3. BBC episode of Biography (ca. 2000)
  4. Liner notes, Marinella - I Marinella Tragouda Megales Kyries, Minos EMI: 478135, 1992

Bakgrunnsstoff

endre