Ben E. King

amerikansk musikar

Ben E. King, fødenamn Benjamin Earl Nelson (28. september 193830. april 2015)[1] var ein amerikansk barytonsongar som har vorte mest kjend for topphit-en «Stand by Me» frå 1961.

Ben E. King

Statsborgarskap USA
Fødd 28. september 1938
Henderson
Død

30. april 2015 (76 år)
Teaneck

Yrke songar, musikar, låtskrivar, songar-låtskrivar, pianist, musikkprodusent, plateartist
Språk engelsk
Medlem av The Drifters
Ektefelle Betty Nelson
Nettstad http://beneking.info/
Ben E. King på Commons

Biografi endre

Ben E. King var fødd i Henderson i Nord-Carolina som Benjamin Nelson. Han flytta til Harlem i New York by som niåring og voks opp der. I 1958 blei han med i doo wop-gruppa The Five Crowns. Same året vart medlemmane i The Drifters sparka av manageren sin, som så erstatta dei med The Five Crowns. Saman med gruppa fekk King ei rekkje hittar i løpet av 50-åra, m.a. «Save the Last Dance for Me» og «There Goes My Baby». King forlét gruppa i 1960, og det var fyrst no han begynte å bruka artistnamnet sitt.

Den fyrste solohiten hans, «Spanish Harlem» var ein ballade som vart gitt ut på singelplate i 1961. Den neste singelen hans var «Stand by Me», som vart skriven av Jerry Leiber og Mike Stoller. Singelen var inspirert av ein gospelsong frå 1905 med same namnet og salme 46 i Bibelen, vers 2 og 3. King fekk enorm suksess med denne songen. «Stand by Me» fekk ein renessanse i 1987 då han vart brukt i filmen Stand by Me (1986). I dag finst songen i over fire hundre innspelingar av ulike artistar, men King har originalversjonen.

«Don't Play That Song (You Lied)» frå 1962 vart også ein stor soul-hit for King. Denne vart seinare spelt inn på nytt av Aretha Franklin. Ben E. King sine songar gjorde det bra i USA i både 60- og 70-åra, t.d. har «I (Who Have Nothing)» (1963) populær. King heldt fram med å spela inn plater og turnera heilt fram til sine eldre dagar.

Diskografi endre

  • Spanish Harlem (1961)
  • Ben E. King Sings for Soulful Lovers (1962)
  • Don't Play That Song! (1962)
  • Young Boy Blues (1964)
  • Ben E. King's Greatest Hits (1964)
  • Seven Letters (1965)
  • What Is Soul (1967)
  • Rough Edges (1970)
  • The Beginning of It All (1972)
  • Supernatural (1975)
  • I Had a Love (1976)
  • Rhapsody (1976)
  • Let Me Live in Your Life (1978)
  • Music Trance (1980)
  • Street Tough (1980)
  • Save the Last Dance for Me (1987)
  • Stand by Me: The Ultimate Collection (1987)
  • What's Important to Me (1991)
  • Anthology (1993)
  • Shades of Blue (1993)
  • I Have Songs in My Pocket (1998)
  • The Very Best of Ben E. King (1998)
  • Eleven Best (2001)
  • Person To Person: Live At The Blue Note (2003)
  • Soul Masters (2005)
  • I've Been Around (2006)
  • Love Is Gonna Get You (2007)
  • Heart & Soul (2010–2011)

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Ben E. King» frå Wikipedia på engelsk, den 17. februar 2015.
  • Informasjonen om «Stand by Me» er henta frå artikkelen "Stand by Me (song)" på Engelsk Wikipedia.