I Got Dem Ol' Kozmic Blues Again Mama!
I Got Dem Ol' Kozmic Blues Again Mama! Studioalbum av Janis Joplin | ||
Utgjeve | 11. september 1969 | |
Innspelt | 16. til 26. juni 1969 | |
Studio | Columbia Records Studios, New York City, New York[1] | |
Sjanger | Bluesrock, psykedelisk rock | |
Lengd | 37:31 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Gabriel Mekler | |
Janis Joplin-kronologi | ||
---|---|---|
Cheap Thrills (1968) |
I Got Dem Ol' Kozmic Blues Again Mama! | Pearl (1971)
|
I Got Dem Ol' Kozmic Blues Again Mama! er eit studioalbum frå 1969 av den amerikanske songaren og låtskrivaren Janis Joplin. Det var det første soloalbumet hennar etter ho forlet det tidlegare bandet sitt, Big Brother and the Holding Company,[5] og det einaste ho gav ut medan ho levde (Pearl kom ut tre månader etter ho døydde).
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [2] |
Robert Christgau | A− [3] |
Rolling Stone | (positiv) [4] |
Innspeling
endreInnspelinga byrja 16. juni 1969 i New York City og var fullført 26. juni. Joplin fekk med seg gitaristen Sam Andrew frå Holding Company på innspelinga, i tillegg til The Kozmic Blues Band. Joplin fekk med seg ei blåserekkje på fleire av songane, noko det tidlegare bandet hennar ikkje hadde ønskt. Albumet skilde seg mykje frå den tidlegare psykedeliske rocken hennar og songane var her mykje meir i retning soul og blues.[6] Alle utanom to songar var coverlåtar som produsenten Gabriel Mekler og Joplin valde ut. Dei to andre songane, «One Good Man» og «Kozmic Blues», var skrivne av Joplin sjølv. I alt var albumet meir polert, men vart ikkje ein like stor suksess som Cheap Thrills.[7]
Utgjeving
endreAlbumet kom ut 11. september 1969 og selde til gullplate to månader seinare.[8]
CD-utgåva frå 1999 inneheld eit opptak av Bob Dylan sin «Dear Landlord», med ny tekst og arrangement av Joplin, og versjonar av «Summertime» og «Piece of My Heart» frå Woodstockfestivalen som bonusspor.[9]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Try (Just a Little Bit Harder)» | Jerry Ragovoy, Chip Taylor | 03:57 |
2. | «Maybe» | Richard Barrett | 03:41 |
3. | «One Good Man» | Janis Joplin | 04:12 |
4. | «As Good As You've Been to This World» | Nick Gravenites | 05:27 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «To Love Somebody» | Barry Gibb, Robin Gibb | 05:14 |
6. | «Kozmic Blues» | Janis Joplin, Gabriel Mekler | 04:24 |
7. | «Little Girl Blue» | Lorenz Hart, Richard Rodgers | 03:51 |
8. | «Work Me, Lord» | Nick Gravenites | 06:45 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
9. | «Dear Landlord» (unytta studioopptak) | Bob Dylan, Janis Joplin | 02:32 |
10. | «Summertime» (live frå Woodstock) | George Gershwin | 05:04 |
11. | «Piece of My Heart» (live frå Woodstock) | Jerry Ragovoy, Bert Berns | 06:31 |
Medverkande
endre- Janis Joplin - solovokal, gitar
- Sam Andrew - gitar, vokal
- Michael Monarch - gitar (ikkje ført opp)
- Mike Bloomfield - gitar (One Good Man, Work Me Lord, Mabye)
- Brad Campbell - bass, blåseinstrument
- Richard Kermode - orgel, klaverinstrument
- Gabriel Mekler - orgel, klaverinstrument
- Goldy McJohn - orgel, klaverinstrument (ikkje ført opp)
- Maury Baker - trommer
- Lonnie Castille - trommer
- Jerry Edmonton - trommer (ikkje ført opp)
- Terry Clements - tenorsaksofon
- Cornelius Flowers - barytonsaksofon
- Luis Gasca - trompet
Salstrofé
endreRegion | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
USA (RIAA)[10] | Platina | 1,000,000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «I Got Dem Ol' Kozmic Blues Again Mama!» frå Wikipedia på engelsk, den 1. september 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Janis Joplin - I Got Dem Ol' Kozmic Blues Again Mama». Last.fm. Henta 1. mars 2015.
- ↑ Unterberger, Richie. I Got Dem Ol' Kozmic Blues Again Mama! på Allmusic. Henta 1. september 2018.
- ↑ Christgau, Robert. «Janis Joplin». robertchristgau.com. Henta 1. september 2018.
- ↑ Leimbacher, Ed; Burks, John (1. november 1969). «Janis Joplin: I Got Dem Ol' Kozmic Blues Again Mama!». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.) (45): 40. Arkivert frå originalen 16. juni 2012. Henta 1. september 2018.
- ↑ Unterberger, Richie. I Got Dem Ol' Kozmic Blues Again Mama! på Allmusic. Henta 1. september 2018.
- ↑ Michael Gallucci. «45 Years Ago: Janis Joplin Releases Her Debut Solo Album». ultimateclassicrock.com. Henta 1. september 2018.
- ↑ «Billboard Charts - Janis Joplin». billboard.com. Henta 1. september 2018.
- ↑ «American album salstrofé – Janis Joplin – I Got Dem Ol' Kozmic Blues Again Mama». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
- ↑ «Kozmic Blues». janisjoplin.net. Arkivert frå originalen 1. september 2018. Henta 1. september 2018.
- ↑ «American album salstrofé – Janis Joplin – I Got Dem Ol' Kozmic Blues Again Mama!». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH